Notiser

Sunnylvsskyttarar gode på miniatyrstemne

Tre brødre Frøysadal Hauge som skaut godt under stemnet søndag. (Foto: Ola Vangen)

Søndag 30 januar var det samlagsstemne i 15 meter miniatyrskyting på Sjøholt med Ørskog skyttarlag som arrangør. Det deltok 5 sunnylvingar på meisterskapen, der alle utmerka seg sterkt på resultatlista:

Av Ola Vangen

Kristian André Frøysadal Hauge vann klasse 3-5 + eldre junior med poengsummen 343 og 12 innartiarar. Like bak kom langevågar Ola-Johan Dybvik med 342 poeng og 13 sentrum før klubbkompis Ivar Fivelstad med 342 poeng og 12 sentrum.

Isak Elias Frøysadal Hauge debuterte i klasse 4 og skaut seg inn på ein sterk 7.plass i meisterskapen, samtidig tok han klassesigaren i klasse 4, med 338 poeng og 9 innartiarar.

Ørjan Frøysadal Hauge nådde 333 poeng og 6 sentrum i klasse junior som holdt til bronseplass.

I klasse 1 prikka Kirsti Frøysadal Hauge inn heile 246 poeng med 7 innartiarar, og tok 2.plassen eit poeng bak klassevinnar Kjellaug Beate Stokke frå arrangørlaget.

I lagskyting for senior tok Sunnylven sigaren med totalt 1023 poeng og 33 sentrum. Eit poeng foran laget til Engesetdal/Skodje. På laget frå Sunnylven skaut Kristian André, Ivar Fivelstad og Isak Elias

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380