Notiser

Tvilarsteinen

Tvilarsteinen blir han kalla, stor og mosegrodd og ligg like inn til vegen i Nibbedalen.

I Nibbedalen ligg ein diger stein like attmed vegen og i bygdebok for Sunnylven og  Geiranger  blir det fortalt ei spesielle historie om denne steinen.

I fyrste band av bygdeboka kan ein lese så mangt, også forteljingar som kan dragast i tvil.

-«Tvilarsteinen» blir den kalla og ligg i Sætreøyane. Namnet fekk den av at ein friar var på veg heim i grenda for å gjere det visst med den jenta han hadde fria til. Her attmed steinen sette han seg ned og kom i tvil om ho var den rette. Friaren hadde gått langt men historia vil ha det til at der ved steinen snudde han og gjekk heim igjen-.

Slik står å lese i bygdeboka. Dette skjedde for svært mange ti-talls år tilbake, men hellesylt.info har fått seg fortalt at karen som kom på friing i Nibbedalen var frå nabobygd til Sunnylven.
Han starta å gå opp og over Flydalsbreen, Hestebreen, ned Holedalen og Sunnylvsbygda til Hellesylt, før han tok fatt på vegen fram Langedalen og ut i Nibbedalen. Her ved den store steinen like inn til vegen, nokre hundre meter frå der den tiltenkte jenta budde kom han i tvil.
Han sette seg og tenkte på om ho var den rette og det enda med at han snudde og gjekk same vegen tilbake dit han kom frå. Å treffe jenta som var mål for turen skjedde ikkje.
Om historia om friaren og «Tvilarsteinen» er sann, ja det er det nok fleire som tvilar på.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380