Lokalnytt

Vedtok Energi -og klimaplan for Stranda kommune

Litlebø kraftverk i Sunnylven, eit anlegg som produserer fornybar og miljøvenleg energi. (Foto frå arkivet)

Stranda kommunestyre handsama på møtet 26. januar kommunen sin Energi -og klimaplan for 2022 – 2025. Planen legg opp til 35 prosent redusert utslepp innan 2025.

Stranda kommune består av bygdelaga Geiranger, Liabygda, Stranda og Sunnylven.
-Kommunen må ha som hovedmål for klima og energi å få redusert klimagassutsleppa med 35 prosent innan 2025 sett opp mot 2019, står å lese i planen innleiingsvis.
Ei betydeleg og stor målsetting som har enno større mål fram til 2050. Då skal netto klimagassutslepp vere null.

Stranda har fått ein klima og miljøplan som vart vedteken i kommunestyret på møte 26. januar. Vedtaket vart gjort mot to stemmer, mellom anna mot Frank Sve (FrP) si stemme. Planen var ikkje realistisk på fleire punkt, meinte han.
Andre gav planen gode skussmål, mellom dei Svein Lunde (Krf) som også rosa næringssjef Inge Bjørdal for omfattande og godt utført arbeid.

Vi tek med noko av målsetjinga planen har:

Stranda kommune skal legge opp til satsing på meir fornybare energikjelder både for insdustri, offentlege og private bygg.

Kommunen sitt eige energiselskap, Stranda Energi bør legge til rette for å ta mot energileveransar frå private. Her blir det peika på lauvvirke som kan nyttast til anlegg for fleisfyring.
Samstundes må kommunen bidra meir til auka produksjon av anna fornybar energi.

Det må leggast til rette for gjenbruk, auka fokus på matsvinn, kjeldesortering og setje miljøkrav ved innkjøp.
Næringslivet må få hjelp til å utvikle seg meir berekraftig, bruke god areal -og samfunnsplanlegging for å redusere utslepp, og ta i bruk LED-teknologi for gate/veglys utvikling.

Stranda skal informere og oppmode til utfasing av fassil energi, prioritere klimavenleg og kortreist mat, og kommunen må rettleie om klimavenleg drift av jordbruk -og skogbruksareal.

Det må satsast på miljøvenleg transport, gong og sykkel, kollektivtransport og fossilfrie køyretøy.
Det blir i planen også peika på fleire tiltak innan arealbruk, stadutvikling og tiltak i bygg som kan bli betre.

Stranda skal bidra til å oppnå det globale klimasleppssamfunnet innan 2050, slår planen fast.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380