-Veldig moro.

Ein fartsglad gjeng. Frå venstre Sina, Ingeborg, Tora, Erle, Emil, Vilde, Trym, Fredrik.

Endeleg dukka det opp ein dag i januar med ver som gleda. Og dei aller yngste var ikkje seine om å finne fram akebretta sine til fartsfylte turar og mykje jubel i ein bratt snøbakke på Storstein.

Det var glimrande forhold for stor fart på akebrett på Storstein søndag. I ein av dei bratte bakkane låg passeleg med snø av den rette typen, ikkje for tørr og ikkje for våt, men med svært god gli for akebrett. Der vart det mykje moro for åtte fartsfylt born i grenda. Snøføyka stod til vers for kvar tur, som det vart mange av.
Om det var moro?, spurde vi;
-Ja veldig, fekk vi til svar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380