Årsmøte i Sunnylven sau og geit
Sunnylven sau og geit har halde årsmøte med 14 frammøtte medlemar. Alle årsmøtesaker vart vedteke samrøystes. Det same vart styrevalet utan endringar frå i fjor.
Det var kjekt å endeleg få treffast igjen tykte fleire, så forsamlinga vart sitjande ei god stund etter at møtet formelt var avslutta og matserveringa ferdig.
Fagtemadelen gjekk diverre ut, då veterinær Hanna Fredriksen fekk ei akutt sak ho måtte handtere.
På møtet vart det ein del diskusjon rundt prisane på ull og leveringsvilkår, men det vart ikkje fremma ynskje om å endre frå dagens mottakar Norilia på møtet.
Styret planlegg ein temakveld med veterinær Hanna Fredriksen i mars kring tema «lammingsvanskar».
Informasjon om dette møtet vert sendt ut til medlemane når tid og stad er klart.
Frå årsmeldinga tek vi med at medlemer frå laget deltok på kåringsjå på Stranda i oktober, og det vart betalt ut skotpremie på 21 rev siste året mot 11 året før.
Rekneskapen viste eit lite underskot , 629.- kroner.
Både årsmelding og rekneskap vart samrøystes godkjent
Val
Styret for 2022 vart:
* Synnøve Kjellstad leiar
* Marit Hellebostad nestleiar
* Per Kjell Leite kasserar
* Astrid Tronstad Dyrkorn sekretær
* Dag Eivind Røyrhus Tveit styremedlem
* Peder Rune Tronstad varamedlem
Revisorar.
Hans Hole og Jørgen Helset
Valnemnd:
Alf Ole Sundgot (ny)
Jo Endre Frøysadal
Bente Bonsaksen