Lokalnytt

Attval i Stranda Mållag

På vegne av Stranda Anleggsservice AS mottok Kirsti Engeset og Joakim Relling målprisen som vart tildelt bedrifta for god nynorskbruk. Til høgre leiar Anders Folkestad. (Foto: Privat)

Stranda Mållag heldt årsmøte 8. februar. Her vart det attval av heile styret, og laget sin målpris gjekk til Stranda Anleggsservice AS for god nynorskbruk.

Anders Folkestad held fram som leiar i Stranda Mållag med seg i styret har han desse: Nils Einar Ringset (attval), Martine Rørstad Sand (attval), Inge Bjørdal, Agnes Havnen.

Varamedlemer: Gunnhild Kvam, Roger Furset, Elisabeth Opsvik (alle attval)

Valnemnd: Liv Norunn Langeland, leiasr, Ragnhild Stadheim (ny)

Frå årsmeldinga:
I året vi har lagt bak oss har laget gjennomført fleire arrangement med god oppslutning. I Storfjord kulturhus underheldt «Fantefolk» frå Voss med musikk og innblikk i diktaren Per Sivle sitt liv.

På Hægstad Gård var det ope møte om målbruk og stadnamn. Her var også leiar i Sunnmøre Mållag, Ingeborg Røyrhus Øyehaug til stades, i lag med stadnamngranskar Odd Normann Hoff som kom med interessante innlegg til forsamlinga som talde kring 50 personar.

Stranda Målag har også jobba med fleire saker, som vaksenopplæring på nynorsk for innvandrarar, og ein språkbruksplan som Stranda kommune no har vedteke.
Mållaget bidreg også med god lektyre til barnehagane i kommunen. Ei kasse med kring 20 bøker og hefte på nynorsk går på omgang.

Mållaget har også etterlyst digitale læremiddel på nynorsk i skulane. Ved årsskiftet hadde Stranda Mållag 65 medlemer, eit stabilt tal dei to siste åra, heiter det. Framover håper laget å verve enno fleire.

Utanom faste årsmøtesaker og enkel servering blir fungerande leiar i Noregs Mållag, Synnøve Marie Sætre til stades på årsmøtet og orientere om aktuelle målsaker.

Synnøve Marie Sætre orienterte om aktuelle målsaker på årsmøtet i Stranda Mållag.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380