Berekraft i praksis
Innovasjon Norge, Møre & Romsdal Fylkeskommune, kommunane Fjord, Sykkylven og Stranda, og Sparebanken Møre inviterer til konferanse i Storfjord kulturhus onsdag 9. mars. På dagsorden står begrepet berekraft.
Det vert snakka mykje om berekraft, men kva betyr det faktisk for bedriftene og for offentleg sektor?? Med auka krav, reguleringar og forventningar i marknaden vil det nok vere litt begge deler, skriv arrangørane og inviterer til konferanse med fleire til å utdjupe dagens tema, og legg til
-Delta på konferansen saman med oss. Vi håpar at du vil ha svara på spørsmåla litt klarare for deg i etterkant. For er det til vinning eller forvirring?
Program for dagen
10.00-10.10
Velkomst – ved Ordførar Jan Ove Tryggestad
10.10-10.45
Berekraftfylket Møre og Romsdal og oppfølginga av Energi- og klimaplanar i kommunane – v/ Anne Melbø (senioringeniør, Statsforvaltaren), Arne Krohn (økonomisjef, Fjord), Inge Bjørdal (næringssjef, Stranda)
10.45-11.15
Innkjøpssamarbeidet på Sunnmøre – korleis vi stiller miljøkrav i offentlege anskaffingar for kommunane – v/ innkjøpssjef Kariann Bigseth, Ålesund kommune
11.15-11.45
Frå preik til praksis – overordna perspektiv på endringar i miljøkrav til privat næringsliv – v/ partner – Advisory KPMG Pure Sustainability, Stine Lise Hattestad Bratsberg
11.45-12.40 Kulturelt innslag, lunsj og beinstrekk
12.40-13.00
Offentleg finansiering av berekraftige/innovative løysingar – v/ spesialrådgjevar Alfred Øverland, Innovasjon Norge
13.00 -13.20
Kva betyr berekraftig finans for privat næringsliv, og kva krav kan ein vente seg frå bankar – v/ banksjef Sveinung Klakegg, Sparebanken Møre
13.20-13.35 Pause med kaffi og frukt
13.35-13.50:
Døme på klimatiltak (energikartlegging og tiltak) i landbruket – v/ Linda Myren, Fjord
13.50-14.10
Miljøsertifiseringsordninga ‘Miljøfyrtårn’ eksemplifisert – v/ leiar Berekraft og strategiske prosjekt, Karoline Fløtre Gati, Slettvoll AS
Tid : onsdag 9. mars kl. 10.00 (Registrering frå kl. 09.30)
Stad : Storfjord Kulturhus
Påmeldingsfrist : måndag 7. mars
Du melder deg på her: Påmelding