Lokalnytt

Digitalt kurs i stell av viltkjøtt

God hjortejakt kan ende opp med mykje viltkjøtt. Her frå hjortejakt på Røyrhus i september 2017

Onsdag 16. februar inviterer MRmat 2022 til kurs i foredling av viltkjøtt. Kurset blir halde digitalt, og påmeldingsfristen er søndag 13. februar.

Kvart år blir det gjennom hjortejakta henta ut store mengder viltkjøtt. Dette kurset er ei digital innføring i å foredle kjøtt mellom anna frå hjortejakt. Kurset skal gje ei innføring i utnytting av råvara og bearbeiding gjennom mellom anna salting, tørking og røyking, men også vurdering og prissetting.

Kurset blir gjennomført digitalt onsdag 16.februar mellom kl. 15.30 – 18.00

Dei som vil ha nytte av kurset er bønder som vil foredle og selje eige kjøtt, jegerar kan lære meir om råvara og foredling, og det er nytting for dei som ønskjer å drive gardsbasert foredlingsbedrift av lokale råvarer.

Påmelding

Her er meir informasjon om program og påmelding: MRmat 2022 – digitale fagdager (pameldingssystem.no)

Program

1530 – 1545 Innleiing

1545 – 1615 Presentasjon av Vilteksperten AS

1615 – 1645 Råvareteori v/ Tom Johannessen (Nofima)

1645 – 1730 Foredling (salting, røyking og tørking) v/Tom Johannessen (Nofima)

1730 – 1750 Introduksjon til kalkulering og prissetting v/ Lars E. Jørgenvåg (Matnavet)

1750 – 1800 Spørsmål/diskusjon

Dette kurset må køyrast digitalt i denne omgang, men det vil bli følgt opp med praktiske kurs seinare.

Les meir her (PPTX, 680 kB)

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380