Lokalnytt

Fargerikt fastelavnstre på plass

Bjørketreet vart kunstferdig og flott pynta av småskuleelevar, og med litt rettleiing av lærarar.

Fastelavnstreet, ei bjørk pynta med fargerike fjør har blitt ein tradisjon med Sunnylven sanitetslag. Også i år er det på plass i Hellesylt sentrum, pynta av 1. til 4. klasse ved Sunnylven skule.

Tradisjonen med fastelavnstre starta sanitetslaget med ei pynta bjørk inne under kafé på Hægstad Gård i 2013. Seinare var treet å sjå i vestibyla under sanitetslaget sine laurdagskafé på samfunnshuset, før det fekk sin plass ute i sentrum av Hellesylt.
Der har bjørka med fjør i mange fargar stritta mot ver og vind og blitt eit koseleg «landemerke» for alle.

Pynta også plommetre

No er fastelavnstreet på plass igjen, ei rettvaksa bjørk frå Helset, oppreist på ein betongjuletrefot lånt frå Joker, og fjørpynta av småskulen under ein utetime.
Same elevflokken drog frå fastelavnstre i gata til eit plommetre ved omsorgssenteret , eit tre som også skulle få fastelavnspynt, fekk vi oss fortalt.

Sal av fastelavnsris

Avgangselevar ved Sunnylven skule skal hjelpe sanitetslaget med sal av fastelavnsris. Ein del av inntekta får elevane i reisekassa for skuletur til sommaren, så ta vel imot og kjøp fastelavnsris når dei kjem på døra om ikkje mange dagane.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380