Lokalnytt

God skyting under miniatyrstemne på KLeive

Ivar Fivelstad skaut godt under miniatyrskytestemnet på Kleive i helga. (Foto frå arkivet)

Kleive skyttarlag i Romsdal arrangerte Landsdelskretsstemne i helga i 15 meter miniatyrskyting. Stemnet var for skyttarane frå heile Møre og Romsdal og kåra både landsdelskretsmeisterar og fylkesmeistarar

Vår meldar: Ola Vangen

Fivelstad nærmast gylt medalje

Det deltok fleire frå Sunnylven skyttarlag, og desse markerte seg bra på resultatlistene.

Ivar Fivelstad klinka til med toppresultatet 345 poeng og 10 sentrumstiarar i klasse 3-5 + EJ (eldre junior) under stemnet på Kleive.
Fivelstad var eit poeng bak den unge vinnaren Tora Skiri frå Rauma skyttarlag og berre 3 sentrumstiarar bak Hjelmen-jenta Eline Lillegård frå Nordmør.

Mykje Hauge høgt oppe

Kristian André Frøysadal Hauge finne vi omtrent like bak på ein sterk 7. plass med poengsummen 344 og 12 innartiarar. Bror Isak Elias endte til slutt på ein 25.plass i seniorklassa og 3.plass i EJ-klassa med 339 poeng og 12 sentrum.

Det deltok totalt 66 skyttara i 3-5 + EJ.

Ørjan Frøysadal Hauge deltok som junior-skyttar i meisterskapen der han til slutt kunne notere seg ein 7. plass i klassen med poenga 337 og 10 innartiarar.

Kirsti Frøysadal Hauge konkurrerte i seniorklassa, klasse 1. Ho noterte seg 243 poeng av 250 moglege og ein 4.plass i meisterskapen.

Små marginar i samlagsskyting

Under meisterskapet vert det også tatt ut resultat for samlagskyting. For Sunnmør så kvalifiserte både Ivar Fivelstad og Kristian André Frøysadal Hauge seg inn på seniorlaget. Etter ein tett kamp endte skytinga slik:

1.plass – Nordmør med 1376 poeng

2.plass – Sunnmør med 1375 poeng

3.plass – Romsdal med 1373 poeng

4.plass – Søre Sunnmøre med 1354 poeng

På laget til Sunnmør stilte Ivar Fivelstad, Kristian André Frøysadal Hauge, Monica Sæterøy Høybakk (Langevåg skl) og Ole Jørgen Haugen (Engesetdal/Skodje skl).

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380