Godt arrangert KM i skiskyting

Frå starten for fleire løparar under KM i skiskyting i Hyttehola søndag.

Sunnylven IL ski -og skiskyttargruppe gjenomførte KM i skiskyting laurdag og søndag for deltakarar frå Nordfjord og Sunnmøre. Også arrangørklubben fekk KM-vinnarar begge dagar.

Alle foto: Fivelstad / Stadheim

Sjølv om vermeldinga ikkje var den beste for helga vart meisterskapen i skiskyting gjennomført under brukbare og like forhold for deltakarane. Laurdag stilte vel 50 til start medan det søndag var litt ferre.

Hos arrangøren var det ni løparar som fullførte fyrste dag og seks på søndag. Elles kom deltakarane frå Markane IL; Hardbagg IL, Stårheim IL og Volda turn & IL.

Elias Helset vart KM-vinnar på heimebane både laurdag og søndag (Foto frå arkivet)

Dobbel krinsmeister

Det vart delt ut KM-medaljer i klassane frå og med 13 år til senior:
Sunnylven IL fekk to doble KM-vinnarar. I M 17 gjekk Elias Helset til topps etter god skyting spesielt under sprinten laurdag. Her vart det berre tillegg for ein bom. På sprint fellesstart søndag var det fire skytingar og her vart det totalt åtte bom, fire på siste skyting, men det heldt til andre KM-tittel for Elias denne helga.

Oskar Ringdal gjekk to gode renn i Hyttehola i helga.

Også Oskar Ringdal i G 13 vart dobbel KM-vinnar. Litt mange bom og tillegg denne gongen, men han kompenserer mykje med stor fart i løypa.

Marta Friestad t.v. og Ingeborg Fivelstad Stadheim jublar for sine fyrste KM-medaljer.

Andre frå arrangørklubben

I J13 vart det sølv på Ingeborg Fivelstad Stadheim på laurdag, og bronse til Marta Friestad både på laurdag og søndag.

Johannes Friestad gjekk inn til sølv på laurdag og bronse på søndag i G 15, og i J 15 vart det sølvmedalje til Tonje Støverstein på sprint laurdag.

Andre deltakarar frå Sunnylven var Fredrik Fivelstad Stadheim i G 10, Emma Korsbrekke i J 10, Therese Støverstein og Tuva Marie Korsbrekke i J 11. Alle med gode langrenn og skyteresultat.

Eit stort antall funksjonærar var i sving under meisterskapen. Her er det manuell tidtaking

Mange funksjonærar

Arrangøren hadde eit stort apparat og mange hjelparar for å få meisterskapen i hamn der det vart lagt ned mykje arbeid i prepping av løypene, Heile 40 personar gjorde jobbar som parkeringsvakter, på standplass, løypevakter, som startarar og tidtakarar, i sekreteriatet og andre gjeremål.

Gjennom hellesylt.info rettar styret i skiskyttargruppa stor takk til alle funksjonærar som hjelpte til med å arrangere renna i Hyttehola i helga.

Og så var KM i skiskyting godt i mål! Konstanse Henden til venstre i spurtduell med Anna Nedrelid Vatne.

Resultat laurdag:

Offisielle Resultater KM Skiskyting Hyttehola 05.02.2022 (1)

Resultat søndag:

Resultatliste KM Skiskyting Fellesstart Hyttehola 06.02.2022

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380