Har fisking som hobby

Mykje fin fisk av både torsk og sei var dagens fangst for desse tre hobbyfiskarane, frå venstre Oddbjørn Berge, Frank Ole Bonsaksen og Magne Bonsaksen.

Dagane har nok av arbeid for bonden på Ljøen, men Frank Ole Bonsaksen har også tid til å leve ut ein fin hobby. Å setje garn i Sunnylvsfjorden er både spanande og mataukande.

Familien Bonsaksen på Ljøen har fleire båtar, både til bruk for opplevingsturar, frakt av varer og husdyr og til fjordfiske.
Denne veka var Frank Ole, sonen Magne og Oddbjørn Berge frå Stranda ute og sette garn. Vi møte dei tre i småbåthamna på Hellesylt der dei hadde teke opp av sjøen 50 meter med garn like utanfor og var i ferd med å renske dei for sjømat av fleire slag.

Sette garn frå land

Mange fiskarar fortel sjeldan om sine favoritt-fiskeplassar i Sunnylvsfjorden og inn over i Geirangerfjorden, men slike hemmelegheiter var ikkje dei tre redde for å røpe.

-Vi dreg ikkje langt for å setje garna. I dag var det utover frå moloen i småbåthamna, frå grunna og utover til der sjøen er om lag 70 meter djup, der var det mykje fisk, fortalde Frank Ole Bonsaksen. Og fjorden er rik på mat for fisken, det viste dagens fangst som låg der «stormaga» og fulle av rogn og lever sjølv om det er tidleg på året.

Månelandingsfartøy

Fiskelivet i Sunnylvsfjorden er både rikt og variert ut frå det karane hadde fått i garna. Der var torsk, sei, lyr, ein havål og noko dei kalla knurr. Også den skulle visst smake godt etter litt «brasing» på steikepanna. Og dei renska ut både krabbe og kreps, det er det ein god del av i fjorden, men den held seg djupt. Krabba var ikkje av dei største i dag, men ein gong fekk dei på land noko så stort at det lika eit månelandingsfartøy, fekk vi oss fortalt.
I dagens fangst var ikkje kveite, men også det kunne dukke opp om ein hadde hellet med seg, fortalde Bonsaksen som hadde fått ei på rundt 50 kilo tidlegare i vinter.

Frank viser fram ei rogn frå ein sei på fire kilo.

Spiskammer

-Når eg ferdast i naturen, på sjø og land forstår eg godt kvifor folk busette seg i området. Her er mat å hauste over alt, fjorden er full av fisk og i skog og mark er det dyr og fuglar å jakte på. Det er eit stort spiskammer heile greia, seier Frank Ole Bonsaksen.

Dagens fangst vart i alle fall mat for mange. Han presiserer at fisket han driv er berre hobby, og det som familien ikkje nyttar seg av gjev han vekk.
Gratis fiskemiddag vart det også på hellesylt.info sin utsendte.


Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380