Lokalnytt

Leiarskifte i Stranda Senterparti

Geir Erling Frøysa vart valt til ny leiar i Stranda Senterparti                                                                                                                                                            

Årsmøtet i Stranda Senterparti vart halde onsdag 9. februar. Geir Erling Frøysa vart valt til ny leiar i partiet, etter Petter Hjørungdal.

Av 70 betalande medlemer møtte rundt 15 på årsmøtet i Stranda Senterparti som vart halde i lokala ved Byrg-senteret.
Til handsaming var vanlege årsmøtesaker med val.

Det nye styret vart:
Geir Erling Frøysa, leiar

Styremedlemmer:
Liv Norunn Langeland Runde, Lars Ringstad, Randi Sæter, Stein Lystad, Ola Vangen, Petter Hjørungdal

Varamedlemmer:
Synnøve Kjellstad, Bjørnhild Nykrem, Randi Strand Overå

Interessant årsmøtegjest var grűnder og stranda-patriot Frode Kjølås. Han fortalde om turistsatsing for heile kommunen, planar han og fleire er involvert i.
Elles orienterte ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) om saker og arbeidet i kommunen.

Stranda Senterparti har hatt stor oppslutning og framgang ved alle val heilt sidan 2013. I dag har partiet ordføraren i Stranda kommune, og den største gruppa i kommunestyre med 12 av 25 representantar.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380