Markerer kvinnedagen 8. mars

Sunnylven Bygdekvinnelag inviterer til markering av den internasjonale kvinnedagen 8. mars på Tronstad Grendahus

Sunnylven Bygdekvinnelag markerer kvart år Den Internasjonale kvinnedagen 8. mars. I år blir samlinga på Tronstad Grendahus der laget inviterer til variert underhaldning, utlodding og kveldsmat. Møtest på Tronstad grendahus er klokka 20.00 og temaet for kvelden er;

 “Kvinner i Bygda”

*Ragnhild Stadheim tilsett ved Stranda Frivilligsentral snakkar om frivillig innsats,
*Michelle de Vries, dagleg leiar ved Coop Marked Hellesylt fortel om å vere innflyttar til bygda,
*Kristin Storstein deltek med song.

På programmet ellers står utlodning (åresalg) og kveldsmat.
Vel møtt til kvinnefelleskap i bygda, skriv styret i kunngjeringa til møtet.

Kvinnedagen 1909

I følge Wikipedia vart ideen om ein internasjonal kvinnedag lansert tidleg i det forrige århundre i høve kvinners kamp for stemmerett og kvinners kamp for fagforeiningar.

Den internasjonale kvinnedagen blir feira kvart år den 8. mars.
Fyrste blei arrangert i USA i 1909, og året etter vart ein internasjonal feiring av dagen vedteke på Sosialistinternasjonalens konferanse i København, der over 100 kvinner fra 17 ulike land deltok.
Dagen blei 8. mars og etablert for å markere kvinners rettigheiter, og å bygge opp støtte for allmenn stemmerett for kvinner.

Etter FNs internasjonale kvinneår i 1975 ble dagen i 1977 gjort til FN-dag og ein av flere av organisasjonen sine årlige merkedager.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380