Notiser

Minnegåver har blitt vakre naturbilder

Dette biletet med motiv henta i eit område på Ljøen heng på veggen nærmast elva.

Ute på begge sider av vinterhagen ved Sunnylven omsorgssenter er det hengt opp to store naturbilder. Begge er minnegåver og pyntar opp på dei grå betongveggane.

Ved bortgang av bebuarar får Sunnylven omsorgssenter ofte minnegåver i form av pengar. Sist haust kom det inn slike gåver ved gravferd for Rolf Sæten og Roger Tryggestad som begge hadde budd ved omsorgssenteret ei tid.

Då vart det bestemt at for dei mange bidraga skulle det kjøpast inn to bilete og plasserast ute på murveggane ved vinterhagen. Bileta er laga for å tole opphald ute i ver og vind.

Ruth Hole Aaland er medlem i pårørandegruppa ved Sunnylven omsorgssenter. Ho fortel at dei engasjert designar Anne Jorun Sæten til å velje ut motiv og få produsert bileta.
Eitt av dei har motiv frå Ljøen, ein bekk i ei steinur og ei flate med mykje variert flora. Det fekk plass på murveggen nærmast elva.

Utsyn mot Sunnylvsfjorden frå Skaret er kjent for mange, og ei flott minnegåve å få. Bildet har fått plass på veggen nærast småbåthamna.

Det andre har motiv frå Skaret med panoramautsikt over Hellesylt og fjorden og er hengt opp på den andre sida. Også det eit vakkert bilet som pyntar opp. Dette kan bebuarane sjå frå daglegstova ved omsorgssenteret, seier Ruth Hole Aaland.
Ho fortel vidare at dei i tillegg har brukt av andre minnegåver og montert opp lyskjelder slik at bileta viser også i mørkre.

-Vi er god fornøgde, det vart eit lite smykke på uteområdet ved vinterhagen, spesielt i den kalde og mørke årstida når vi ikkje har krukker fulle av fargeglade blomar som står ute og pyntar opp.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380