Lokalnytt

Mission Impossible 7 – i 2023

Å køyre motorsykkel ut for fjellet Helsetkopen har ingen gjort før Tom Cruise gjorde det i august 2020.

Framleis må alle spenningsglade filmsjåarar vente på premiera på Mission Impossible 7 med Tom Cruise i hovedrolla. Truleg blir det fyrst neste år fredag 14. juli 2023.

Premiera på aktionfilmen Mission Impossible 7 har lete vente på seg. Korona-epidemien dei to siste åra har utsett visninga av storfilmen fleire gonger, men slik vi les det på nettstaden www.empirieonline.com blir det premierefest på filmen fredag 14. juli 2023.

I 2020 var Hellesylt og det 1246 meter høge fjellet Helsetkopen staden for fleire halsbrekkande filmscener til Mission Impossible 7. Regissør Christopher McQuarrie hadde hyra inn skodespelar Tom Cruise som Ethan Hunt til scener som dei færraste trudde nokon våga å gjennomføre. På rolleliste stod også fleire andre kjente skodespelarar.
Men alt gjekk bra, alt som var planlagt vart gjennomført, og no ventar sunnylvingar og andre på å få sjå resultatet. Pandemien har ført til utsetjing, for sjølv om Tom Cruise meistrar dei mest utrulege utfordringar, har det vore uråd også for han å fjerne det fårlege viruset.

Tom Cruise ved filmbasen på Helset i Sunnylvsbygda.

Det var store og spanande dagar for lokalbefolkninga i Sunnylven ut over i august og september 2020. Å jakte på muleg nærkontakt eller bilder spesielt av storstjerna Tom Cruise gjekk det meir enn sport i. Og dei ivrigaste lukkast, for det viste seg at sjølv om Tom Cruise har blitt ei berømt stjerne kom han fansen i møte både på Hellesylt og andre stader.
Mange gler seg nok til den komande filmpremiera.

På motorsykkel oppe på Helsetkopen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380