Mykje ope og god servering ved Hægstad Gård / Geiranger Bakeri.
Etter ein lang vinter blir det snart opne dører igjen til Hægstad Gård med matservering og sal av gode bakevarer frå Geiranger Bakeri.
Frå Geiranger Bakeri har vi motteke ei oversikt over dagar og opningstider ved Hægstad Gård fram over vinteren og våren. Anders Adolfsson ved Geiranger Bakeri skriv at det i tillegg til datoane som er sett opp kan bli ope 17. mai om det er interesse for det.
Og frå slutten av mai kan det bli ope fleire dagar i veka ved Hægstad Gård/Geiranger Bakeri, truleg dagleg ope frå midten av juni.
Her er ei oppstilling av det som er planlagt så langt:
Torsdag 17. februar: Ope bakeri 10.00 – 12.00. Grunna årsmøte stengt til kl. 14.30
Frå 14.30 – 17.00; Servering av potetball, sal av bakevarer.
Onsdag 2. mars: Ope bakeri / kaffi. Sal av bakevarer og enkel matservering kl. 10.00 – 17.00
Tysdag 8. mars: Ope bakeri /kaffi. Sal av bakevarer og enkel matservering kl. 10.00 – 17.00
Torsdag 17. mars: Ope bakeri og servering kl. 10.00 – 17.00. Servering potetball mellom kl. 13.00 – 17.00
TYsdag 22. mars: Ope bakeri / kaffi. Sal av bakevarer og enkel servering kl. 10.00 – 17.00
Torsdag 31. mars: Ope bakeri / kaffi kl. 10.00 – 17.00. Servering potetball mellom kl. 13.00 – 17.00.
Onsdag 6. april: Ope bakeri / kaffi kl. 10.00 – 17.00 med matservering
Måndag 11. april: Ope bakeri /kaffi kl. 10.00 – 17.00 med matservering
Torsdag 21. april: Ope bakeri / kaffi kl.10.00 – 17.00 Servering potetball mellom 13.00 – 17.00
Fredag 29. april: Ope bakeri / kaffi kl. 10.00 – 17.00 med matservering.
Same dag: Kveldsope med god mat, drikke og fin stemning kl. 19.00 – 23.00
Tysdag 10. mai: Ope bakeri / kaffi kl. 10.00 – 17.00 med matservering
Onsdag 18. mai: Ope bakeri / kaffi kl. 10.00 – 17.00 med matservering
Laurdag 21. mai: Ope bakeri / kaffi kl. 10.00 – 16.00 med matservering