Lokalnytt

Rikhaldig program i Sunnylven Pensjonistlag

Det blir ny tur til Josybuda i april, lovar leiar i Sunnylven Pensjonislag Astrid Langeland. Her saman med kokk og servitørar under ein tidlegare tur til låvekafeen på Kalvatn.

Sunnylven Pensjonistlag har halde styremøte og sett opp eit utkast til program for fyrste halvår 2022. Der er både samlingar av fleire slag, konsert og utflukter.

Det står mykje spanande på vårplanen til Sunnylven Pensjonistlag. Etter ei tid med mindre aktivitet grunna korona-pandemien inviterer laget medlemane sine til både sosiale samlingar , konsertar og lange og korte utflukter.
hellesylt.info presenterer det som er planlagt så langt.

Februar:
Torsdag 17. februar kallar styret inn til årsmøte i Sunnylven Pensjonistlag på Hægstad Gård. (Sjå kalender Det skjer på Hellesylt)
I tillegg til vanlege årsmøtesaker blir det orientering om arbeidet med Trivselshagen ved Sunnylven omsorgssenter. Både grunnarbeid og paviljong kom på plass i 2021.

Under årsmøtet blir det servering av potetball med tilbehør, og kaffi.
Også ikkje-medlemer har høve til å kjøpe potetball på Hægstad Gård/Geiranger Bakeri denne dagen frå ca. kl. 14.30.

Mars:

I mars planlegg Sunnylven Pensjonistlag eit ope møte med mellom anna ordførar til stades for å få ei orientering frå kommunen og spesielt kva som skjer med sjukeheimsplassane på Hellesylt.

Det blir også jobba med tur til Geiranger og konsert med Benny Borg i Geiranger kyrkje 20. mars. Konserten er klokka 16.00 og her prøver laget å avtale at ferja Aukra går siste avgang frå Geiranger etter konsertslutt.

April:

Det blir busstur med før-påsketreff på JOSY-buda på Kalvatn fredag 8. april. Her blir det underhaldning og servering. Ikkje sosakjøt eller potetball denne gongen, men kanskje kotelettar m.m.

Mai:

I mai/juni er det planlagt tur til Finnøy Havstuer i Romsdal. Sunnylvingen Lars Helge Hanssen er styrar ved senteret og har jobba fram gode tilbud mellom anna på servering og overnatting.

Juni:
I juni, kanskje jonsokaftan blir det open Trivselshage med underhaldning og servering. Menyen denne kvelden kan bli rjomegraut, får hellesylt.info opplyst.

Eit rikhaldig program ventar medlemane i Sunnylven Pensjonistlag utover vinteren og våren. Og kanskje finn styret på enno meir om to år med korona verkeleg er slutt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380