Notiser

Seniornett med kurs i sikkerheit på nett

Solveig Helset og Arne Vassbotn skal leie kursa som Seniornett Stranda startar opp. (Foto: Frivilligsentralen)

Etter eit lenger opphald grunna korona-pandemien, inviterer Seniornett Stranda til kurs i nyrenoverte møtelokalet i Byrghuset, inngang frå Kyrkjegata. Fyrste samling er måndag 28. februar klokka 11.00.

Tidlegare har møta på Stranda vore i lokala til Frivilligsentralen, men i dei nye møtelokala blir det no bedre plass, noko som gjer at fleire kan få undervisning og veiledning samtidig med gode avstander med tanke på smittevern, står å lese i ein e-post frå Frivilligsentralen.

Unngå å bli lurt/svindla

Fyrste møte er måndag 28.februar klokka 11.00 og møtet er ope for alle. Dette møtet er det fyrste av to møter med tema «Sikkerheit på nett».
Leiar Solveig Helset og leiar for veilederane Arne Vassbotn har merka seg at det siste året har det vore ekstremt mykje forsøk på svindel/lureri på nett, og Seniornett Stranda ser det som svært viktig å kunne bidra med kunnskap og gode råd. Dette for å ha ein sikker omgang med sosiale media som facebook, mail og andre tenester på nett.

Fleire digitale tenester

Frivilligsentralen skriv at Sikkerheit på nett, og unngå å bli lurt og svindla blir tema både i februar og mars, men seinare vil Seniornett Stranda arrangere andre tema som digital fotografering, og nytte tenester som banktenester og bruk av helse tenester. Klubben har fått med fleire nye kompetente og frivillige veilederar. Seniornett Klubb Stranda er ein del av Seniornett Norge.

På grunn av smittevern og gratis servering ber vi om påmelding innan fredag 25. februar til leiar Solveig Helset på tlf. 924 47 401 eller til Frivilligsentralen tlf. 464 11 076. Frivilligsentralen er sekretær til Seniornett klubben.

Ta med eige digitalt utstyr

Klubben legg opp til veiledning og undervisning i 2×45 minutt og med ein sosial mat- og kaffepause imellom dei to øktene. Det blir oppfordra til å ta med PC, nettbrett og mobil, så kan deltakerne få individuell hjelp og veiledning så langt det er råd.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380