Lokalnytt

SKRUK i Sunnylven kyrkje

SKRUK i Sunnylven kyrkje søndag talde over 50 songarar.

Sist søndag fylte koret SKRUK Sunnylven kyrkje med vakker song. Til stades under den knappe to timar lange konserten var rundt 70 frammøtte både frå Sunnylven og andre nære bygder.

Sunnmøre kristlege ungdomskor starta på Sunnmøre i 1973, så neste år rundar SKRUK 50 år. Koret har rundt 50 songarar, men i Sunnylven kyrkje talde vi fleire enn det sist søndag.
Koret sin dirigent siden starten har vore Per Oddvar Hildre med tilnamnet «Prots», oppvaksen i mellom anna bedehusmiljøet på Hildrestranda, fortalde han forsamlinga. Han var glad for at han framleis fekk tilliten som dirigent sjølv om han visste at det stod mange gode korleiarar mellom songarane.

Konserten i Sunnylven kyrkje baud på både kjente salmar og ein god del som var nytt for dei fleste, frå land som Iran, Irak og Aserbajdsjan. Men om teksta var framand leverte koret både vakker og reinstemt frå toneskalaen, frå den høge tenor til djupe bass  Og dei til tider kraftfulle tonane «svara» mellom tømmerveggane i den høgreiste kyrkja i Sunnylven.

Av kjente norske salmar framførte SKRUK Matias Orheim sin «Å var eg meir deg Jesus lik», arrangert av Magnar Aam, og folketonen «Med Jesus vil eg fara» av Elias Blix. Det vart det store høgdepunktet, tykte vi.

Medlemane i SKRUK kjem i dag frå store deler av Norge og har fem samlinger i året; fire weekend-samlinger og ei lengre samling på 5-10 dager som blir brukt til turneer i utlandet.
Besøket i Sunnylven kyrkje var del av ei samling over fleire dagar med konsertar også i kyrkjene i Volda, Vereide, Oppstryn og Sykkylven.

Per Oddvar Hildre har vore dirigent for SKRUK sidan starten i 1973. Neste år rundar dei 50.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380