SKRUK med konsert i Sunnylven kyrkje
Det kjente prosjektkoret SKRUK er på «reise» i februar med fleire kyrkjekonsertar på Sunnmøre og i Nordfjord, mellom anna i Sunnylven kyrkje 20. februar.
Koret SKRUK vart skipa i 1973 og har hatt Per Oddvar Hildre (Prots) som sin faste dirigent i alle år. Dei 50 songarane som utgjer prosjektkoret kjem frå heile landet og har samlingar fire helgar i året. Om sommaren blir øvingane litt fleire og lengre, les vi på koret si nettside.
Til konsertane helga 18. til 20 februar har dei lagt ut denne orienteringa.
SKRUK er igjen på vegen, og denne februarhelga skal vi tilbringe på Sunnmøre og Nordfjord! Vi startar helga i Volda kyrkje fredag kl. 21:00. Laurdag har vi først konsert i Vereide kyrkje kl. 13:00, så i Oppstryn kyrkje kl. 18:00.
Søndag startar vi med konsert i Sunnylven kyrkje kl. 12:00 før vi avsluttar helga med konsert i Sykkylven kyrkje kl. 16:00.
Grunna restriksjonar legg vi ut 200 billettar per konsert, så her er det om å gjere å vere tidleg ute om du vil sikre deg ein billett. Vel møtt!
Konserten med SKRUK i Sunnylven kyrkje blir søndag 20. februar kl. 12.00
Lenke til billettsal finn du her: Ebillett.no
Billettsal også ved døra på konsertdagen.
Billettprisar:
Vaksne kr. 350.-
Studentar kr. 200
Barn under 12 år, gratis.