Søkjer informasjon kring gamle bilete

Ingeborg og Klemet Korsbrekke

Hellesylt.info har fått e-post frå Nils Roger Matvik som fortel at han har teke vare på ein del bilder etter foreldra sine Anna og Rasmus Matvik, og nokre etter Nils Ragnar Aakernes og Ragnhild Aakernes.

Mellom bileta er fleire brudepar med namn og eit par ukjente, Eit brudebilde av Ingeborg og Klemet Korsbrekke, slik står det skrive på baksida av bildet, lurer han på korleis det har kome til Åkernes og Matvik-familien. Han håper å få hjelp til oppklaring både av dette bildet, og eit par med ukjente personar.

-Eg har skanna inn bildet og treng dei ikkje fysiske, så om der er etterkomarar som er interessert i bildet, eller andre av bileta så skal dei få dei, skriv Nils Roger Matvik.

Om nokon kjenner tilknyting til nokon av bileta kan vedkomande ta kontakt på e-post til Nils Roger Matvik, nils.roger.matvik@gmail.com

Matvik har også sendt eit bilete av konfirmantkullet i 1941. Det var teke 28. september det året, og her er namna oppnotert..

Olga og Inge Tryggestad

Pernille og Kristen Stadheim

Ukjent. Foto: Hellebust Nordfjordeid

Ukjent.

Konfirmasjonsbilete frå 1941

Fyrste rekke frå venstre: Margit Bjørdal Juklestad, Kjellfrid Langøyli Kongsvik, Anne Ringdal Molvær, Norveig Ljøen Lundanes, Nanna Frøysadal Frøysa, Hildur Helset, Kristine Langøyli Eidslott, Pernille Marta Tronstad Hellevik.
2. rekke: Nils Ragnar Aakernes, Sverre Nybø, Prest Emil Oseberg, Jorunn Flo Hellebostad, Gunnhild Hellebostad Sårheim, Kjellfrid Gausdal Berge, Nina Stadheim, Solbjørg Bjørdal Wågsæter.
3. rekke: Magne Tronstad, Olav Hauge, Peder Ringdal, Per Langeland, Bjarne Hole, Thomas Ole Bjørdal, Rolf Hellesylt.

 

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380