Spesielt år i Sunnylven Pensjonistlag
Alle faste årsmøtesakene gjekk raskt unna og vedteke med akklamasjon då Sunnylven Pensjonistlag hadde årssamling på Hægstad Gård torsdag 17. februar, på skipingsdatoen for Sunnylven Pensjonistlag for 42 år sidan.
Omlag ein tredel av Sunnylven Pensjonistlag sine 110 medlemer møtte på årsmøte på Hægstad Gård. Og 2021 hadde vore eit spesielt år i pensjonistlaget. Både årsmelding og rekneskap fortalde om eit svært aktivt år med både tilsellingar for medlemene, deltaking i andre arrangement i bygda, og om eit «byggeprosjekt» ved Sunnylven omsorgssenter.
Alle val var samrøystes og med attval. Styret er:
Leiar: Astrid Langeland
Odd Jostein Bjørdal
Mia Sjåstad
Lilli-Karin Ljøen
Håkon Hasle (22-23)
Magnar Bjørdal (22-23)
Styret konstituerar seg sjølve.
Varamedlemer: Ruth Tronstad, Anne Lise Ljøen Hasle
Revisor: Oddbjørn Tryggestad
Valnemnd: Lars Fivelstad, Oddmund Fivelstad
Jobba for Trivselshagen
Sunnylven Pensjonistlag engasjerte seg sterkt i eit fleire år gamalt prosjekt, opparbeiding av Trivselshagen ved Sunnylven omsorgssenter.
Mange hadde engasjert seg mykje i dette tiltaket, og spesielt styret i pensjonistlaget med leiar Astrid Langeland la ned eit stort arbeid, vart sagt på årsmøtet.
Opning til jul 2021
Den 18. desember vart paviljongen, siste byggesteg i prosjektet opna med talar og helsingar, og juletonar frå Sunnylven skulekorps. Astrid Langeland orienterte på årsmøtet om arbeidet som var realitet, også etter støtte frå andre lag og organisasjonar og økonomiske bidrag frå fleire. Prosjektet fekk pengestøtte frå Dam-stiftelse, og frå Sparebanken Møre og fleire bedrifter. Arbeidet kom i gong for fullt 4. juni og førebels avslutta med opning av ein julepynta paviljong 18. desember 2021.
Når alt er ferdig har det kosta mellom 6 – 700.000.- kroner, trudde Langeland.
Tilkomst frå daglegstova
Framleis står litt arbeid igjen, sa ho Det står igjen måling av treverk på paviljongen, beplanting av ein hekk mot parkeringsplassen, og innkjøp av store blomsterkrukker. Også ei dør frå daglegstova og ut som kommunen kjøpt inn skal på plass i nær framtid, sa Astrid Langeland.
Årsmøtesamlinga vart avslutta med servering av potetballmiddag og kaffi frå Geiranger Bakeri.