Spør om energisituasjonen i Sunnylven

Til kommunestyremøtet i Stranda onsdag 23 februar stiller representanten Frank Sve (Frp) eit spørsmål til ordføraren om kraftsituasjonen i Hellesylt / Sunnylven.
I dag har området 2.5 MW disponibel mengde kraft, skriv Frank Sve. Han er redd for at Hellesylt og Sunnylven har for lite elektrisk kraft i åra som kjem. Det er behov for energi til hydrogenproduksjon, til næringsutvikling, ladding av både båtar og bilar og andre nybygg, reknar han opp.
Då blir det ingen ting igjen til landstraum for større båtar.
-Ladding av cruiseskip kan ein i alle fall gløyme, skriv Sve i spørsmålet til ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp)
Sve ser heller ikkje ei ny kraftlinje frå Tomasgard i Hornindal til Sunnylven kome dei fyrste åra, ei linje han skriv vil koste fleire hundre mill. kroner.
Han spør kva ordføraren vil gjere med kraftforsyninga til området, og om han synes mangelen på kraft er greit.
Sve spør også om Stranda kommune har oversikt over behovet for laddestasjonar for bilar og båtar, kraft til nye boligar, og behovet til Ole Ringdal AS, Formvac AS, og til landbruket.
Viktig spørsmål
Hellesylt.info ser spørsmålet frå representanten Frank Sve som betimeleg i dagens situasjon då målet er å få ned skadelege utslepp. Då er produksjon av meir fornybar energi frå mellom anna vasskraft ei god løysing.
Og vassressursar har Sunnylven. I 2019 var planar utarbeidd og godkjent og NVE gav konsesjon for ei større vasskraftutbygging i denne delen av kommunen. Men Olje -og energidepartementet stoppa utbygginga av Hauge kraftverk, 13.6 Gwh, og Langedalselva kraftverk, 20.5 Gwh, til saman 34.1 Gwh med grunngjeving i at ulemper og skadar var større enn nytten. Det meinte ikkje fagetaten NVE som hadde godkjent planane for kraftutbygginga.
Kanskje er det på tide å koste «støvet» av utbygginga no.
Sjå og: https://www.hellesylt.info/2019/03/ulempene-storre-enn-nytten-av-kraftutbygging/