Lokalnytt

Sunnylven Fotball stiller fire lag

Vinteren med snø og skisport dominerer framleis, men snart rullar også fotballen igjen. Til sesongen 2022 melder Sunnylven IL Fotball på fire lag, opplyser fotballgruppa.

Lillian Aasheim er leiar i Sunnylven IL Fotball. Ho har sendt hellesylt.info oversikt over påmeldte lag med trenarar og oppmenn.

Det blir fire 7er-lag der fleire har overårige spelarar for at alle som vil skal få eit tilbod.
Når det gjeld trenarar/oppmenn manglar G10-laget oppmann.

Her er laga sunnylvingar får sjå på Hellesylt stadion:

J08 7er lag 3 div.
9 spelarar, trenere: Kim Sture Flo, oppmann: Susanne Ringdal

G10 7er lag 3 div.
9 spelarar, trenere: Gunnar Fivelstad og Linn Kammen, oppmann: ledig jobb (ingen ennå)

J13 7er lag 2 div.
10 spelarar, trener: Lillian Aasheim, oppmann: Geir Støverstein.

G13 7er lag 2 div.
8 spelarar, trener: Eivind Helset, oppmann: Lisbeth Helset.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380