Sunnylven sanitetslag har pussar opp møterommet
Over nokre kveldar har fleire damer pynta opp lagsrommet til Sunnylven sanitetslag i kyrkjelydshuset. Der har det blitt måla både veggar, glaskarmar og listverk, det har blitt eit nyoppussa lagsrom til årsmøte.
Lagsrommet til Sunnylven sanitetslag var saman med resten av Sunnylven kyrkjelydshus skulestove under renovering av skulen på Hellesylt.
-I lagsrommet vårt heldt småskulen til, men dei for fint fram. Det er ikkje på grunn av skadar eller byantstrek på veggane vi pussar opp rommet, men i leieavtalen var det også avtala pengar til oppussing mot at arbeidet skulle gjerast på dugnad. Det har vi gjort oss nytte av, vi har fått måling og utfører arbeidet sjølve, seier leiar i sanitetslaget Hilde Langlo Brekke.
Høgt til himlingen
Då hellesylt.info var innom ein kveld denne veka var fire damer i sving med å måle siste strøk. Tidlegare hadde dei vore fleire og måla fyrst grunning på panelvegger og glaskarmar, og no var det andre strøket med ein lys farge. For å nå heilt opp til himlingen hadde dei fått låne eit rullesteilas av HT Bygg Hellesylt, for vanleg gardintrapp vart for lavt, fekk vi oss fortalt. Vi advarte og bad dei vere forsiktige og ikkje ramle ned.
Det hadde blitt eit fint, ljost lagsrom som skulle bli ferdig til bruk til årsmøte i Sunnylven sanitetslag måndag 14. februar, sa Hilde Langlo Brekke. På spørsmål om frammøte til dugnadane såg ho på lista si der det stod fleire namn. Ho var godt fornøgd og retta takk til alle som hadde stilt på.
Også resten av kyrkjelydshuset
Også resten av Sunnylven kyrkjelydshus blir pussa opp etter at perioden som «vikarierande» skulehus var over til jul. Prestekontora med møterom er alt ferdigmåla og teke i bruk, og det er arbeid i gong med måling også av den store møtesalen.