Notiser

The Olympic Draum for britisk langrennsteam

Ved avreise til Beijing var det Britiske Teamet godt tildekka med masker og store briller for å unngå korona-smitte. Frå venstre Hans Kristian Stadheim, Andrew Musgrave og James Clugnet.

NRK -Tv har vist episode av «The Olympic Draum», ein serie om det Britiske teamet i langrenn som har trena mot OL. Målet er å ta England si fyrste OL-medalje i langrenn nokon gong.

Løparar, trenarar og det vesle støtteapparatet til det Britiske landslaget i langrenn har for lengst landa i Beijing. Ein av trenarane til britane er Sunnmøringen Hans Kristian Stadheim frå Sunnylven.

På NRK har blitt vist to episoder av ein serie på fem som har fått namnet «The Olympic Draum». Eit TV-team har følgd dei tre langrennsløparane Andrew Musgrave, Andrew Young og Cames Clugnet, og trenarane Jostein Vinjerui og Hans Kristian Stadheim gjennom trening og oppkøyring til OL, både i Norge og under høgdeopphald i Italia. Målet langt der framme har vore og er ei OL-medalje i Beijing, den aller første Britiske medalja i langrenn nokon gong.

Etter mykje trening og godt smittevern er dei klare for konkurrane om OL-metall. Resultata i OL betyr alt for den økonomiske støtte og framhaldande satsing på langrenn for det britiske laget. Til no er to av fem episodar viste på NRK Tv, og tre nye kjem seinare.

I Sunnmørsposten tysdag 1. februar var eit intervju med trenaren Hans Kristian Stadheim, sunnmøringen som har vakse opp i Sunnylven, men etter sjølv å ha konkurrert i langrenn vart han trenar både i Lyn ski og for Great Britan.
Han er spent, men vi veit han har trua. For det er toppløparar han og Vinjerui har jobba med. Musgrave har fjerde plass frå Lathi og sjette plass frå OL for fire år sidan i tillegg til fleire gode plasseringa frå WC, og Young står med fire pallplassar i WC sprint som det beste. Den yngste av dei tre James Clugnet er sprinter og tiltenkt mellom anna etappe i teamsprinten i OL.

No er løparar og resten av det vesle britiske langrennslandslaget fått prøvd løypene i Beijing. Fyrste konkurranse for dei mannlege løparane er søndag 6. februar, 30 km. med skibyte.

Det er tøffe løyper i den Kinesiske fjellandsbyen der OL blir arrangert. Der er det berre dei beste som får det ettertrakta OL-metallet, om ein unngår korona og uhell då.

Den tredje episoda av The Olympic Draum kjem onsdag 9. februar kl. 22.35 på NRK 1.

Også norske langrennsløparar var med på ei sommarsamling med Britane i Sunnylven 2020. Frå venstre Simen Hægstad Kruger, Hans Kristian Stadheim, Andrew Young, Kasper Stadaas, James Clugnet, Andrew Musgrave og Josten Vinjerui.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380