Lokalnytt

Trailerar sperra fylkesvegen ved Hellesylt

Ein semitrailer lasta med spennbetong måtte ha hjelp for å kome i gong igjen på glatta ved Hellesylt.

I 11-tida i dag vart fylkesveg 60 stengd etter at to vogntog sklei inn i kvarandre opp mot høgda ved Juvebrua, mellom Helgesvingen og vegkrysset til Ringdal.

Tekst/foto: Lars Fivelstad.

Det vart tinga bergingsbil frå Stryn, og i mellomtida vart vegen stengd. For personbilar var det omkøyring over Reset.
Då bergingsbilen kom til, drog han fyrst laus dei vogntoga som sperra vegen, men måtte også få laus semitraileren som spann seg fast då han måtte stogge bak dei to vogntoga.

Semitraileren var på veg til Måløy med spennbetong til ei bru, og det var ei tung last han hadde med. Bilen og spennbetongen vog til saman 50 tonn!

Rett før klokka 13.00 fekk bergingsbilen laus også semitraileren, og fylkesvegen kunne opnast for trafikk att.

Problema ved Hellesylt starta då to trailerar glei saman opp mot høgda ovanforJuvebrua. (Foto: Frode Nessan)

Rundt klokka 13.00 fekk bergingsbil semitraileren laus og trafikken på fv. 60 kunne gå som normalt igjen.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380