Lokalnytt

Årsmøte i Hellesylt Ungdomslag

Hellesylt Ungdomslag har halde årsmøte og behandla faste årsmøtesaker. Laget hadde 71 betalande medlemer i 2021, ein liten nedgang frå året før.

Marianne Fivelstad tok attval som leiar i Hellesylt Ungdomslag, eit verv ho har hatt i mange år og skjøtta på ein god måte. Elles vart det få endringar i hovedstyre og undergrupper.

Frå ei fyldig årsmelding, godt illustrert med bilde les vi om eit aktivt lag også i 2021 trass i nedstengingar grunna korona-pandemi.
Året starta med deltaking av to lag i spørjekonkurransen «Kven veit», men laga nådde ikkje opp mellom dei beste denne gongen, les vi.

Under Sommardagar på Hellesylt vart aktiviteten til HUL konsentrert kring «Det store Andesleppet» i Hellesyltfossen. Heile 1979 ender «deltok», noko laget skriv dei er svært fornøgde med.
Under dette arrangementet vart Frivilligprisen i Stranda delt ut til Kari Hauso Stadheim.

På badestranda var det Solsnubading i desember med heile 21 badarar. NRK Møre og Romsdal kom og gjorde opptak frå den kjølege dukkerten og viste seansen på lokal TV-sending.
Arrangement som Grendakveld og 17. mai-feiring vart ikkje i HUL-regi dette året, men Barnelaget har vore aktivt med ved fleire høve, både på Dansens dag, under innspeling av film frå bygdelaga til 17.-mai, og 17 born var med på Sjokoladekappleik i Ørsta.

Teatergruppa hadde kvileår i 2021 på grunn av at Sunnylven samfunnshus har vore under restaurering, men planen er at HUL-teatret kjem igjen fjerde juledag.

Ut over i 2022 har årsmøtet i HUL planlagt og gjennom ført alt fleire aktivitetar som deltaking i «Kven veit», eit swing-kurs i månadskiftet februar/mars, danse ved omsorgssenteret 17. mai, kyrkjekonsert og andeslepp under Sommardagar på Hellesylt (8. – 10. juli?), deltaking på dansestemne i Barnelaget, pubkveldar, og så må Sjøarane førebu seg med program til Grendakveld 4. april 2023, les vi ut frå aktivitetsplanen som vart vedteke på årsmøtet.

Marianne Fivelstad leiar Hellesylt Ungdomslag

Val.

Styre og undergrupper i Hellesylt Ungdomslag for 2022.
Hovedstyret:
Marianne Fivelstad, leiar
Randi Sæter, nestleiar
Wenche Solli
Kim Sture Flo
Per Olav Frøysa Hånes (ny)

Teatergruppa:
Linn Kammen
Hanne Kvamme
Lasse Langlo
Ole Iver Kjellstad
Per Kjell Leite

Barnelaget:
Wenche Ringdal, leiar
Rita Rudning Røyrhus
Lisbeth Lervik Helset,
Monica Hagen (Røyrhus Tveit) (ny)

Badehusstyret:
Asle Ringdal, leiar
Even Bjørneseth
Tarjei Korsbrekke
Åse Ringdal Grøndal (ny)
John Ringdal
Inge Korsbrekke

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380