Lokalnytt

Årsmøte i Sunnylven sanitetslag

Leiinga i Sunnylven sanitetslag. Frå venstre Ruth Hole Aaland, Birgitte Rørhuus-Øie, Nina Øye Hole, Gerd Helset, leiar Hilde Langlo Brekke, Anne Marie Ljøen, Ingebjørg Saarheim Fivelstad (tok ikkje attval) og Ann Janne Hole leiar valnemnd. (Foto: Astrid Langeland)

Sunnylven sanitetslag har halde årsmøte. Sjølv om året hadde ein del restriksjonar på arrangement  vart 2021 eit aktivt og godt år for laget der Hilde Langlo Brekke held fram som leiar.

-Vi gler oss til eit kjekt 2022 der vi igjen kan arrangere samkomer for sambygdingane våre. Det startar allereie no når to (Ruth Aaland og Gerd Helset) av medlemane skal vere Besøksvennar på Omsorgssenteret ein ettermiddag og ha ei triveleg stund saman med bebuarane. Ved omsorgssenteret er der ikkje tilsett aktivitør lenger, fortel Hilde Langlo Brekke.

Ho tykte det var kjekt å få halde årsmøte i det nyoppussa lagsrommet til sanitetslaget, ein målarjobb fleire av damene i laget har gjort på dugnad.
Det vart få endringar i val av styre. Ingebjørg Saarheim Fivelstad hadde sagt frå seg attval og Gerd Helset kom inn som nytt styremedlem.

 Styret er:
Hilde Langlo Brekke, leiar

Styremedlemer:
Nina Øye Hole,
Birgitte Ingeborg Rørhuus-Øie (attval)
Ruth Helene Hole Aaland,
Gerd Helset (ny)

Varamedlemer:
Kari Hauso Stadheim
Anne Marie Hauge Ljøen
Laila Røyrhus

Sjølv om Sunnylven sanitetslag i lag med andre merka corona-året 2021, la laget fram ei lang og fyldig årsmelding. Aktiviteten hadde vore god og laget hadde engasjert seg i alle sine gjeremål som før. Vi tek med litt av det ein kan lese i årsmeldinga.
På medlemsmøter var det blitt strikka plagg til premature barn. Huer sokkar og teppe vart overlevert til Ålesund sjukehus og laget fekk helsing og takk tilbake.

I 2021 feira Norske Kvinners sanitetsforening 125 år og laget markerte dette.
Les her: Unge og eldre deltok i Kløverstafetten – www.hellesylt.info

Og vi les i årsmeldinga at;
Det var ein stor dag når Kari Hauso Stadheim fekk Frivilligprisen for 2021, mellom anna for sin store innsats for Sunnylven sanitetslag.

I samband med juleverkstad på skulen fekk 1 – 7 klasse servert velsmakande måltid med påsmurde smørbrød og kakao, ein lang tradisjon i laget og verdifullt for alle, les vi. Og medlemar av laget har vore Lesevenn for elevar i 1 – 4 klasse ved Sunnylven skule.
Det vart arrangert adventsstund på Omsorgssenteret, og laget engasjerte seg mykje i opparbeidinga av Trivselshagen ved «heimen», eit anlegg laget håper at både bebuarar og pårørande vil bruke mykje.

Elles har Sunnylven sanitetslag også i 2021 selt fastelavnsris og rigga fastelavnstre i sentrum av Hellesylt, det vart laga påskelunsj i barnehagen,
Laget delte ut tre «bleiekaker», men håper det blir langt fleire i åra som kjem, det vart sendt blomsterhelsingar til tre 90-års jubilantar.
Sunnylven sanitetslag har også forlenga samarbeidsavtalen omkring Omsorgsberedskap med Stranda kommune.

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380