Lokalnytt

Attval i Sunnylven skulekorps.

Sunnylven skulekorps som nissekorps spela juletonar i Hellesylt sentrum også i 2021.

Sunnylven skulekorps har halde årsmøte og godkjent årsmelding og eit solid rekneskap. Og alle på val går på nye år i leinga for skulekorpset. Det same gjer korpset sin faste dirigent Trond Otto Berg.

Som mange andre vart aktiviteten i Sunnylven skulekorps bremsa ein god del av korona-pandemien også i 2021. Men korpset hadde sine øvingar og fekk med seg fleire speleoppdrag til glede for mange.
Skulekorpset sette stemninga på 17-mai, og dei var på plassi kulturskulekonsert i Øvre Ljøen Amfi i juni.

Nissekorpset på plass

Andre speleoppdrag var under Storfjordstemne på Ljøen i august, og det var nissespeling i gata på Hellesylt laurdag før jul. Og den tradisjonelle nissegrauten vart servert.
Etter nissespeling 18. desember vart det juletonar med korpset under opning av paviljongen i Trivselshagen ved Sunnylven omsorgssenter, ei både flott og høgtidsam stund som mange gleda seg over.

Skulekorpset spela under opning av paviljongen i Trivselshagen. Dirigent Trond Otto Berg helsa frå korpset og ønska ei god jul til alle.

Avlyst julekonsert

Korpset sin juletombola vart gjennomført på Hægstad Gård i litt redusert utgåve grunna mindre plass enn på samfunnshuset, og etterpå vart julegrana i sentrum tend til musikk av skulekorpset.
Korona-pandemien «stoppa» julekonserten i Sunnylven kyrkje dette året, ein konsert der korpset alltid har vore med.

Sist haust hadde Sunnylven skulekorps 9 musikarar, og i tillegg 4 juniorarar og 4 aspirantar. Korpset sin dirigent er Trond Otto Berg.

Val
Alle val på årsmøte vart som innstillinga frå valnemnda. Tillitsvalde i Sunnylven skulekorps er:
Styre:
Oddbjørg Stadheim, leiar (attval)
Anne Karin B. Ringdal, nestleiar
Synnøve Kjellstad, kasserar
Frode Nessan, styremedlem
Sile Brendefur, sekretær (attval)

Økonominemnd:
Barbro Lade (attval)
Oli Anne Sjåstad
Susanne Ringdal

Valnemnd:
Trond Åge Dyrkorn
Arild Hole

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380