Lokalnytt

Attval på årsmøtet i Gamleskulen

Den gamle skulestova på Hellesylt blir framleis brukt ved enkelte høve, også som klasserom for unge elevar.

Gamleskulen Aktivitetsmuseum har halde årsmøte med godkjenning av årsmelding og rekneskap, og attval av heile styret. Gamleskulen på Hellesylt er i god stand og har pengar på konto.

Deler av årsmelding for Gamleskulen Aktivitetsmuseum er tidlegare omtala på hellesylt.info
Les: https://www.hellesylt.info/2022/03/mange-er-medlemer-i-gamleskulen-aktivitetsmuseum/

Sjølv om pandemien la brems på arrangement vart skulehuset frå 1898 brukt av fleire lag til diverse møter.

På årsmøtet sist måndag vart både årsmelding og rekneskap samrøystes godkjent. medlemskontingenten for 2023 vart vedteken uendra til kr. 100.-
Siste året hadde foreninga 132 medlemer, eit stabilt tal sjølv om fleire eldre har gått frå. Årsmøtet håpa at unge vil teikne seg som medlemer og bli med slik at ein kan halde fram drift og vedlikehald av huset.

Foreninga Gamleskulen Aktivitetsmuseum vart skipa i april 2012. Verneforeininga rundar såleis 10 år og kan sjå tilbake på mykje godt restaureringsarbeid av det gamle skulehuset som blir 125 år i 2023.

Men leiinga er ikkje i mål med alt vedlikehald.
På arbeidsplan for i år står mellom anna eit nytt rekkverk ved loftstrappa, reparasjon av ganggolv, ny kjellardør, og gjere tiltak på ein dragar under golvet til skulestova.

Val

I styret er desse med:
Leiar Arne Ringdal.
Styremedlemer: Odd Jostein Bjørdal, Marit Ljøen, Eldrid Skrede, Kari Hauso Stadheim.
Varamedlemer: 1. Fredrik Stadheim, 2. Ann Kristin Langeland, 3. Gunnhild Kvam.
Valnemnd: Liv Jorun Sporstøl, Annvor Tryggestad.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380