Lokalnytt

Avslutta skisesongen med Pizza

Denne gjengen har delteke på dei fleste treningar og gått mange skirenn. Måndag kveld var dei samla til avslutning og pizza-fest.

Ski -og skiskyttargruppa i Sunnylven IL har hatt si siste organiserte trening denne vinteren. Som avslutning på sesongen var det pizza-fest på klubbhuset i Hyttehola.

Alle foto: hellesylt.info

I alt 23 unge skitalent kom til avslutningstrening og fest i Hyttehola måndag. Gjennom vinteren har det blitt halde faste treningar kvar veke og det har blitt arrangert fem renn i Sunnylvscup på ski med bra deltaking. Nokre har også delteke på krinsrenn som har vist igjen med fine plasseringar, men her håper hellesylt.info at enno fleire reiser på renn til neste vinter, både i skiskyting og langrenn.

Det gjekk med ein god del Øcal pizza på avslutningsfesten, og det var vel fortent vil vi tru. Vi håper at også trenarar, løypekøyrarar og leiinga i ski -og skiskyttargruppa forsynte seg godt, det hadde også dei gjort seg fortent til.

Snart er snøen borte og då blir det nok fotball for mange. Men når sommaren er over kjem ein ny skisesong og nye skitreningar. Vi håper mange finn glede av å gå på ski og delta i renn også neste vinter, både i skiskyting og langrenn i begge stilarter. Og så blir det ny kjekke avslutningsfest igjen med Øcal-pizza.

Skiskyting på stadion i Hyttehola var sesongens siste trening
Frå avslutningsfesten i klubbhuset i Hyttehola.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380