Lokalnytt

Biskop Ingeborg Midttømme til Sunnylven

Biskop i Møre, Ingeborg Midttømme under bispevisitas i 2011. Her i Sunnylven kyrkje.

Onsdag 30. mars kjem biskop Ingeborg Midttømme til Sunnylven på visitas der eit tettpakka program fyller heile dagen for biskopen med følge.

Biskop Ingeborg Midttømme får treffe mange under sitt bispevisitas i Sunnylven onsdag 30. mars. Saman med biskopen kjem fleire, mellom anna prost Svein Runde og undervisningsrådgjevar Bente Wangensteen, og følge skal bruke heile dagen frå morgon til kveld i Sunnylven.

Alt klokka 9.30 er Ingeborg Midttømme på Hellesylt der turen fyrst går til Sunnylven skule og til møte med ungdomsskulesteget. Der blir det samtalar kring svært så aktuelt tema i 45 minutt, «korleis er det å vere ungdom i bygda her, kva draumar og håp har de for framtida, og kva har pandemien gjort med dokke.» Elevane får også stille spørsmål til biskopen.

På skulen blir det møte med KRLE-lærarar og utveksling av synspunkt på samhandling mellom kyrkje og skule.

Så går turen til Sunnylven omsorgssenter der det blir ei kort andakt ved prestevikar Ann Kristin Langeland, og samtalar mellom biskop og bebuarar.

På fjøsbesøk

Etter ein lunch-pause og tenestesamtalar går turen for biskop og følge til Nibbedalen og gardsbesøk hos Leif Arne, Asle og Annbjørg Fivelstad. På Fivelstad har dei bygt opp eit stort og moderande lausdriftsfjøs for storfe og produksjon av mjølk -og slaktedyr.
Til stades under fjøsbesøket på Fivelstad blir også representantar for både Bondelaget og Bygdekvinnelaget.

Samling med kyrkjelyden

Tilbake på Hellesylt blir det møte med tilsette i Stranda kommune, før ein times pause med middag.

Så etter samtalar med soknerådet blir det på kvelden onsdag kyrkjelydsfest der alle er invitert til å ta del på eit nyoppussa kyrkjelydshus på Hellesylt. Biskop Ingeborg Midttømme vil her snakke om «Guds skaparverk, vår heim», og det blir kulturelle innslag og servering.

Visitasgudsteneste

Biskop Ingeborg Midttømme og følge er i Geiranger tysdag 29. mars. På søndag 3. april er det visitasgudsteneste i Sunnylven kyrkje i lag med kyrkjelyden frå Geiranger. På grunn av ferja frå turistbygda startar gudstenesta klokka 11.30, opplyser prestevikar Ann Kristin Langeland. Ingeborg Midttømme skal halde preika, men også prost og vikarprest vil delta.
Ved orgelet set kantor Gunna Inge Eide og det blir også musikalske innslag av andre, før servering av enkel kyrkjekaffi.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380