Lokalnytt

Diskuterte bruk av klimanøytralt kaihus

Sentrale personar under Hellesylt Næringslag sitt møte måndag. Frå venstre nærinssjef Inge Bjørdal, bak styreleiar i nærinslaget Stig Tryggestad, og Henrik Tryggestad Koi frå Nordplan.

Stranda kommune har søkt Miljødirektoratet om støtte til eit KLIMASATS-prosjekt, kaihus på Hellesylt. Søknaden vart innvilga med 250 000 kr med følgjande grunngjeving:

«Søknaden er nært knytt til kravet om utsleppsfri Geirangerfjord i 2026, og dei nye transportløysingane som dette krev. Huset skal kunne tene som ein terminal for nye skipsløysingar i verdsarvfjorden, og eit slikt bygg må ha fokus på grøne løysingar i alle samanhengar, inkl. reduksjon av CO2-utslepp. Kommunen vil mellom anna sjå på kva type byggjematerialar som gir minst mogleg klimafotavtrykk, attvinning og grøne løysingar (avfallshandtering, energiattvinning m.m.), og tilrettelegging for ladestasjon for småbåtar. Dette manglar i Hellesylt, og kommunen vurderer kombinasjonsløysingar for båt/bil.»

Stranda kommune er eigar av kaihuset på Hellesylt, og ut frå miljøkrav og endra føresetnader for bruk av sjøområdet ville kommunen ha ei vurdering av på kva måte kaihuset kan fornyast og korleis framtidig bruk av bygget kan/bør vere. Også Stranda Hamnevesen KF er partner i prosjektet.

NORDPLAN
UtgreiingsKonsulent-selskapet NORDPLAN (avd. Nordfjordeid) fekk oppdraget frå kommunen. Tidlegare i vinter var to studentar frå NTNU i Ålesund på Hellesylt og fekk orientering om Klimasats-prosjektet der oppgradering av kaihuset inngår. Dei tre studentane som samarbeider om oppgåva er Ismail Samadi, Hans Ove Venås og Suliman A. Suliman. Bachelor-oppgåva skal presenterast i mai i år. Dei samarbeider med NORDPLAN (avd. Nordfjordeid) som fekk oppdraget frå kommunen om nokre avgrensa problemstillingar i planen.

Måndag var det idémøte om saka i Hellesylt Næringslag. Leiar Stig Tryggestad ønska 14 personar vel møtt og sa at formålet med møtet var å få fram idear og innspel om kva brukarinteresser som fanst og kva Hellesylt ønskjer i eit kaihus.

Sist måndag kalla Hellesylt Næringslag inn til møte for å få fram idear til bygging av eit nytt kaihus på Hellesylt og kva eit bygg kan brukast til. Det var Henrik Tryggestad Koi som presenterte resultatet av arbeidet med planen/konseptet frå Nordplan si side.

Fleire servicefunksjonar

Prosjektet tek utgangspunkt i den nye Energi -og klimaplan til kommunen, nullutsleppsvedtaket og arbeidet med flytting av ferjekai, nytt hotell og moglegheiter for båt/bil. Reguleringsplanen som er vedteken tillèt fasilitetar for både forretning, kontor og bevertning på området.

-Vi ønskjer å sjå nærmare på korleis kan dette området utviklast gjennom oppgradering av kaihus til å bli ei attraktiv møteplass til båtfolk og andre, skriv næringssjef Inge Bjørdal i saka til møtet.

Han peikar på kva eit servicebygg kan innehalde, ladeinfrastruktur for mindre båtar, kanskje også bilar, tilbod om sanitæranlegg, kjøkken og vaskemoglegheiter.
Bygget bør også bli kunne leggast til rette for servicetilbod som kiosk og med ein turistinformasjon, skriv næringssjefen.

Klimanøytralt

Miljø og berekraftkoordinator ved Nordplan, Nordfjordeid, Henrik Tryggestad Koi var til stades og la fram tankar og planar om korleis eit nytt kaihus kunne byggast. Det bli lagt vekt på at det skal nyttast klimanøytrale materiale, sa han og viste til slike. Energibruken måtte tilpassast klimaendringar og utforming av bygget burde stå i stil med nærliggande bygningar sjølv om dette ikkje var eit krav. Det viktige var kva bruksområde bygget skulle ha, sa han.

Hus for fleire

Det kom fram fleire tankar og idear kring temaet «nytt kaihus». Det måtte vere løysingar som var nyttig for nærområdet og lokalt næringsliv, gjerne ei samordning mellom andre aktørar innan reiseliv. Å få til ei god løysing som fleire kunne gjere seg nytte av var viktig, var ei samstemt haldning på møtet.

Alle som har meiningar om korleis arealet og bygget bør leggjast til rette til beste for bygda kan sende innspel til Inge Bjørdal som vil vidareformidle idéar til Koi.

Koi la fram nokre førebelse skisser av bygget:

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380