Lokalnytt

Fjordcruise og Lyskunstfestival i Geiranger

Fredag 4. mars inviterer Geiranger til Fjordcruise og Lyskunstfestival. Med turistbåten Geirangerfjord tur /retur Hellesylt – Geiranger får ein sjå turistbygda i vinterskrud, og i tillegg gode måltid og opplevingar.

Med ei fjordreise frå Hellesylt med turistbåten Geirangerfjord inviterer Geiranger til opplevingar for fleire sansar fredag 4. mars. I turistbygda blir det open café ved Norsk Fjordsenter, det blir italiensk buffet ved Hotell Union, og Havilla Hotell har åpent for middag, alt til hyggelege prisar.

I tillegg kan ei lyssett fossevandring frå Fjordsenteret til sentrum av Geiranger vere ei oppleving å ta med seg ein vakker vinterkveld.

La TV-en få kvile fredag kveld og nytt tilbodet som Geirangerbygda inviterer til. Dei ønskjer velkome frå Hellesylt, Stranda, Sykkylven, og gjerne Ørsta, Volda og Stryn.

Sjå prisar og meld frå på: www.geirangerfjord.no

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380