Fullt hus på kvinnedagmarkering
Sunnylven Bygdekvinnelag inviterte til feiring av kvinnedagen 8. mars på Tronstad grendahus. Dit kom mange, både medlemer og andre, også frå bygdelaga kring Sunnylven.
Snøen låg meterhøg kring grendahuset på Tronstad, men tilkomsten var god for alle som kom til feiring av kvinnedagen tysdag 8. mars. Og det vart mange etter kvart. Sunnylven Bygdekvinnelag har 30 medlemer, men i storstova i grendahuset vart det meir enn dobbelt så mange til slutt.
Her vart det underhaldning, servering og utlodding, ei triveleg kveldstund der praten «røda» godt om laust og fast.
Leiar i Bygdekvinnelaget, Gunnhild Kvam ønska alle vel møtt. Den internasjonale kvinnedagen har vore feira i over hundre år, ein dag som kom etter kvinners kamp for allmenn stemmerett og andre rettigheiter på Sosialistinternasjonalen sin konferanse i København i 1909.
Under FN sitt internasjonale kvinneår i 1975 vart det vedteke at i 1977 skulle dagen vere FN-dagen og ein av merkedagane til organisasjonar.
Det er viktig å kome saman og markere kvinnedagen 8. mars, meinte leiar i bygdekvinnelaget Gunnhild Kvam. Kvinnedagen har bygdekvinnelaget i Sunnylven markert også tidlegare.
Gunnhild Kvam orienterte litt om det forsamlinga kunne vente seg av verbale innslag, og som skulle avsluttast med kveldsmat og utlodding.
Treffande songar
Fyrst ut med innslag var Kristin Storstein som fyrst song to songar, den eine «fru Johnsen», gjort kjent tidlegare av Inger Lise Rypdal. Ein song med ei treffande tekst på nettopp denne dagen. Til slutt under programmet kom Kristin Storstein med to nye songar til eige akkompagnement på tangentinstrument, desse av Alf Prøysen.
Reist i Afrika, Australia og England
Ragnhild Stadheim har flytta heim og starta i jobb ved Stranda Frivilligsentral. Ho har reist ute i verda som ungdomsdelegat og frivillig innan Røde Kors, og på Tronstad fortalde ho om litt av det ho hadde opplevd og lært dei siste 15 – 20 åra. I land som Kenya, Australia, England og heime i Rogaland i Norge igjen hadde ho møtt mange «sterke» kvinner, Aisha, Donna og Wenche, fortalde ho.
Jobben ved Stranda Frivilligsentral.
Frivilligheit er det største lagarbeidet i landet og utgjer 140.000 årsverk., sa Ragnhild Stadheim. Ho fortalde om dei mange tilboda som Stranda Frivilligsentral har å by fram, frå Seniornett, open hall for ungdom til søknader om støtte frå Tilskotsportalen.
-Vi er alle del av eit lokalsamfunn, og for enkelte kan det følast framant, at ein ikkje passar inn. Men frivilligheit har ikkje namn, men ei stor kraft som utløyser gode ting.
Eg veit at verda er full av damer som Aisha, Donna og Wenche. Kanskje mange av dei er her. Eg gledar meg til å møte dei og bli kjent med dei, sa Ragnhild Stadheim til dei frammøtte på Tronstad grendahus.
Tilflyttar til bygda.
Michelle de Vries er opphaveleg frå Nederland, men har budd mange år i Norge før ho kom til Hellesylt i 2016. Der er ho butikksjef på Coop Marked.
«Korleis er det å vere tilflyttar til bygda» snakka ho om i sitt programbidrag.
Det vanskelagaste var faktisk å få seg ein stad å bu då ho kom til Hellesylt, sa ho. Men også det løyste seg etter kvart.
-Eg ville ikkje pendle ut av bygda for å bu, eg ville bu på Hellesylt og bli integrert i samfunnet som ein del av bygda her, sa Michelle.
Ho hadde møtt ei venleg bygd og mykje flotte folk på Hellesylt. Difor tykte ho det var litt rart og svært vondt å lese i media om det som hadde skjedd med syraren Moa på Stranda.
Michelle kunne ønske seg ein oversikt over alle tillitsvalde og alle små og store tilbod som fanst i Sunnylven og på Hellesylt. Det ville vere ei god hjelp for dei som var nye her og flytta til bygda for fyrste gong. Ho tok fram eitt eksempel frå seg sjølv.
-Eg visste ikkje om Ringdal bilservice. Hadde eg visst det kunne eg spart meg tur til Stranda for å skifte til nye dekk på bilen.
Langbord med kveldsmat.
Feiringa av kvinnedagen på Tronstad grendahus vart avslutta med kveldsmat og utlodding. Kveldsbordet var av dei lange og velfylte av god mat, slik det alltid er når Sunnylven bygdekvinnelag inviterer til samkome.
Gratulerer med vel overstått feiring!