Hellesylt får nytt mattilbod

Om litt får Hellesylt eit nytt mattilbod når lokala til det tidlegare Gatekjøkkenet i sentrum opnar igjen. Det er Salg og Utleiebuda som har leigd nabobygget.
Ramazan Øcal er eigar og drivar av Salg og Utleiebuda. Tidlegare dreiv han den populære pizzarestauranten ved Hellesyltfossen, men slutta av i 2020 og starta ny forretning med sal av lokalprodusert mat, sko og klær og utleige av fritidsutstyr.
Etter mange oppfordringar frå bygdefolk og andre har han no leigd nabobygget, det tidlegare Gatekjøkkenet og satsar på å drive både butikk og matrestaurant.
-Eg skal engasjere meg i begge deler og jobbe like hardt som eg gjorde i ungdomsåra, seier Ramazan, ein drivande person, framleis i sine beste år.
Bygget han leiger har ikkje vore i bruk dei siste åra, men no blir det ein del av same firma som Salg og utleiebuda og får namnet Øcal Pizza.
I fyrste omgang er leigeavtalen på tre år, og så snart lokala er pussa opp og møblar og utstyr er på plass blir det opning, seier Ramazan. Då kjem gode og populære rettar på menykartet igjen, både pizza, kebab og meir, lovar den nye drivaren.