Hellesylt Næringslag inviterer til ope møte
Hellesylt næringslag kallar inn til ope møte måndag 21. mars for å få synspunkt og innspel til planane om nytt kaihus på Hellesylt, og Ellen Fivelstad fortel om arbeid i ny jobb Stranda kommune.
Tema på møtet er orientering om prosjektet «Nytt kaihus – nullutsleppshamn» på Hellesylt.
-Vi treng her innspel til dei som utarbeider planar om kva vi ynskjer å bruke kaihuset til i framtida. Skal der vere ladestasjonar for bil/båt, bør det ha offentlege toalett, eller treng vi kontor i bygget, er spørsmål leiar i Hellesylt Næringslag, Stig Tryggestad «kastar» fram i innkallinga til møtet.
Bachlor-oppgåve
Tidlegare i vinter var to studentar frå NTNU i Ålesund på Hellesylt og fekk ei fyrste orientering om kaihuset om eventuell bruk av det slik det står i dag eller nybygg for bruk i framtida. NTNU-studentane Hans Ove Venås og Suliman A. Suliman, som har prosjektet som bachlor-oppgåve, vart orientert på Hellesylt av næringssjef Inge Bjørdal og Frank Bonsaksen.
Les her frå orienteringa: https://www.hellesylt.info/2022/01/planlegg-for-nullutsleppshamn-pa-hellesylt/
No er det ynskjeleg med innspel omkring kva kaihuset skal brukast til i framtida. Møt opp på det opne møtet på kyrkjelydshuset med idear og sei di meining, er oppmodinga frå arrangøren Hellesylt Næringslag.
På møtet blir også Ellen Fivelstad til stades. Ho har starta i ny jobb i Stranda kommune og vil orientere frå arbeidet der.
Her er innkallinga til møtet måndag
OPE MØTE FOR MEDLEMMAR OG ANDRE INTERESSERTE PÅ SUNNYLVEN KYRKJELYDSHUS MÅNDAG 21.03.22 kl. 18.00 – 20.00
- Orientering om prosjektet «Nytt kaihus – Nullutsleppshamn»
- Vi treng her innspel til dei som utarbeider planar om kva vi ynskjer å bruke «kaihuset» til i framtida. Lading ? – Offentleg toalett ?– kontor ?…….
- Ellen Fivelstad orienterer om sin nye jobb i Stranda kommune – kva kan vi bidra med på Hellesylt ?
- Andre orienteringar dersom vi får tid.
Kom og sei di meining!