Ikkje nytt aktivitetsbygg ved Hellesylt stadion
Sunnylven IL får ikkje bygge nytt aktivtetsbygg i tilknyting til klubbhuset på Hellesylt stadion. Årsaka er både at tomta ligg innafor skredområde og at det ikkje er regulert for aktivitetsbygg.
Sunnylven IL har i dag treningssenter i leigde lokale hos Trygg Trykk i sentrum av Hellesylt, men ønskjer seg nye lokale, gjerne med klatrevegg.
Difor har tanken myldra kring å få eit tilbygg til klubbhuset på Hellesylt stadion som kunne huse aktiviteten for både unge og eldre trimmarar på tredemølle, romaskiner, eller som løfter manualar og vekter.
På årsmøte i laget vart det orientert kort om kvar saka står. Der kom det fram at grunna skredanalyse må planane leggast vekk. Det er eit omfattande og kostbart arbeid å få til skredsikring/voll og ein reguleringsplan for formålet. Alternativet her er lagt på is av arbeidsgruppa frå 2020 der desse har vore med:
Svein Magne Frøysadal, Hans Marius Ringdal, Tarjei Korsbrekke og Mariann Frøysa.
Arbeidsgruppa har drøfta anna plassering og den siste tida jobba med alternativ tomt ved cruise-kaia, eller tilbygg til symjehallen ved skulen.