Notiser

Informasjon frå Sunnylven skyttarlaget

Sunnylven skyttarlag har sendt ut skriv med informasjon om ny ordning for registrering medlemskap i skyttarlag. Ei ny våpenlov og nye våpenforskrifter kom frå 1.juni 2021.

Leiar i Sunnylven skyttarlag, Ola Vangen fortel at laget held på med ei omfattande rydding og oppdatering i sine medlemslister. Skyttarlaget ønskjer no at alle som vil vere medlem i laget melder sin interesse via e-post eller telefon med fullt namn, adresse, e-postadresse, telefonnummer og fødselsdato.

Denne nyregistreringa er viktig då skyttarlaget skal over på ei digital «kravkøyringsinnkreving» av medlemskontingent, både for å lette jobben til kasserar i skyttarlaget, og fordi det er sett ekstra høge krav til dokumentasjon for innbetalte medlem. Det er ikkje godt nok å ta betalt i form av kontantar eller bankkort for medlemskontingent lengre, men skal kunne dokumenterast elektronisk heilt ned til datoen betalinga blei gjort.

Den sentrale løysinga har til nå basert seg på faktura via e-post frå organisasjonen, men det blir jobba med ei efaktura-løysing som truleg vil vere på plass i år eller neste år. Derfor vil det også bli lettare for medlemmane å betale kontingenten når fakturaen vil kome i nettbanken automatisk, seier Ola Vangen.

Han håpar mange vil melde seg interessert som medlem snarast slik at laget får på plass ei komplett medlemsliste, og han legg til;
-Sunnylven skyttarlag har ein oppmodingsfrist til 1.mai på å melde inn sine kontaktopplysningar til laget.

Dei som er oppført på noverande medlemsliste vil verte fjerna frå lista om dei ikkje gir lyd frå seg innane fristen.

Er det noko som er uklart kan leiar i Sunnylven skyttarlag Ola Vangen kontaktast på mob.  94435850/olavangen96@gmail.com.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380