Lokalnytt

Informasjonsmøte om helsetenester i Sunnylven

Sunnylvingane ønskjer informasjon om kva som skjer med sjukeheimsplassar og legekontor på Hellesylt.

Kva skjer med sjukeheimsplassar og legedagar på Hellesylt i framtida. Det er spørsmål sunnylvingar kan få svar på om dei møter fram på ope folkemøte på Hægstad Gård fyrstkomande torsdag.

Gjennom budsjettbehandling i Stranda kommune har det kome innstramingar i tenestetilbud innan fleire områder. I Sunnylven er mange opptekne av kva som skjer med sjukeheimsplassane og legekontoret i bygda.

Torsdag 24. mars inviterer tre lag, Sunnylven sanitetslag, Pårørandegruppa ved Sunnylven omsorgssenter og Sunnylven Pensjonistlag til eit ope orienteringsmøte på Hægstad Gård om legekontor og sjukeheimsplassar på Hellesylt.
Til stades på møtet blir ordførar Jan Ove Tryggestad og eventuelt andre frå kommuneleiinga i Stranda, og det blir høve til stille spørsmål.

Leiar i pensjonistlaget, Astrid Langeland oppmodar folk om å møte opp og få informasjon og betre forståelse i sakene. Å få behalde dagar med legekontor på Hellesylt er viktig, seier ho. Ho snakkar med mange, mellom ein person som skulle ha legetime. På Hellesylt var det uråd å få time, der var så fullt så vedkomande måtte til Stranda.

-Før var det to legedagar, så vart det ein, seier Langeland som håper at også bedriftene i Sunnylven ser viktigheita av å ha legedagar på Hellesylt.

Det opne folkemøtet er på Hægstad Gård torsdag 24. mars klokka 16.30 (Sjå kalendar) Tidlegare same dag er det sal av potetball med tilbehør, og andre bakevarer frå Geiranger Bakeri.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380