Notiser

Ivar Fivelstad toppar feltkarusellen

Ivar Fivelstad, treffsikker skyttar frå Sunnylven skyttarlag. (Foto frå arkivet)

Etter tre stemne toppar Ivar Fivelstad, Sunnylven skyttarlag feltkarusellen i seniorklassa. Leiinga skal han forsvare på det fjerde og siste feltstemnet i Hyttehola 23. april.

Ålesund skyttarlag stod som arrangør av det tredje stemne i feltkarusellen 2022 i regi av Sunnmøre skyttarsamlag.
Etter tre stemne leiar no Ivar Fivelstad, Sunnylven skyttarlag seniorklassa 2 – 5 + V55. I Olsvika vart det 7. plass i helga, der Tom Olav Moldskred frå arrangørlaget vann.

Beste skyttar frå Sunnylven i denne klassa var Dag André Hauge på tredje plass.
Andre plasseringar for Sunnylven sine deltakarar utanom Fivelstad sin 7. plass var Kjell Oddvar Frøysa nr. 10, Isak Elias Frøysadal Hauge nr. 11, og Kristian André Frøysadal Hauge nr. 14.

I klasse 1. vart Kirsti Frøysadal Hauge nr. 3, og same plassering fekk Ørjan Frøysadal Hauge i junior.
Oddmund Fivelstad deltok i veteran 73 og vart nr. 6 i Olsvika.

Leiar Ola Vangen i Sunnylven skyttarlag opplyser at siste avgjerande feltstemne blir arrangert av i Hyttehola 23. april. Der blir vinnarane kåra.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380