Kyrkjelydsfest med godt frammøte
Biskop Ingeborg Midttømme avslutta ein lang visitasdag i Sunnylven saman med kyrkjelyden på Sunnylven kyrkjelydshus onsdag. Mange kom til festen, til eit par hyggelege kveldstimar med program og god servering.
Prestevikar i Sunnylven Ann Kristin Langeland leia kyrkjelydsfesten i ledige og muntre formuleringar. Ho var spent, men tykte ho har blitt motteke godt i eiga heimbygd sjølv om ho framleis er under utdanning til å bli ordinert som prest, sa ho. Ho takka for måten bygdefolket hadde teke mot henne og håpa mange slutta opp om fellesskapet i samlingar både i kyrkja og ved andre høve.
Som innleiing på programdelen las Eirin Syversen diktet «Høgaltaret» av Ivar Ringdal, eit dikt om mektig natur som omkransar mellom anna Sunnylven.
Biskop Ingeborg Midttømme hadde fått eit tema å snakke kring på kyrkjelydsfesten, «Guds skaparverk – vår heim». I talen var ho innom både krig og klimakrise og det kristne bodskapen, i er verd der det var viktig med både tru, håp og handling.
Til stades på kyrkjelydsfesten var også «gamlepresten» i Sunnylven, no prost Svein Runde. Det var alltid hyggeleg å kome tilbake til bygda der han og kona Elisabeth hadde budde det meste av livet, sa han. Han avrunda helsinga si med ei munter historie frå åra og eit besøk på skulen. Der mangla dei tilfeldigvis lærar i KRLE den dagen og Runde vart spurt om å ta timen, som han gjorde.
-Eg fekk løn frå kommunen for timen, men veit de kva som stod på lønnsslippen? ufaglært!,
Natuleg nok vekte historia åtgaum i forsamlinga på kyrkjelydshuset.
Under festsamlinga vart det servert kveldsmat, betasuppe med brød, kaffi og kaker. Også mykje allsong fylte salen, -vi syng «No livnar det i lundar» sølv om det var 15 minus på Tronstad i dag tidleg, sa Ann Kristin. Seinare vart det salmen «O store Gud», og til avslutnig «Fager kveldssol smiler», alt til pianotonar frå Gunnar Inge Eide.
Kanskje var det høgdepunktet for kvelden som kom til slutt då dei tre, Elisabeth Runde, Kristin Storstein og Oddbjørg Stadheim framførte songar av mellom anna Lina Sandell. Litt synd at biskopen måtte reise før for å rekke ferje heim til Molde. Men søndag er det visitasgudsteneste i Sunnylven kyrkje, og der er både Ingeborg Midttømme og songdamene på plass igjen, fekk vi oss fortalt. Gudstenesta 3. april tek til klokka 11.30.