Lokalnytt

Laurdagskafé med sanitetslaget

Etter opphald i tre år inviterte Sunnylven sanitetslag igjen til lardagskafé, denne gongen i eit nyoppussa kyrkjelydshus på Hellesylt. Dit kom mange til hyggeleg samkome med tombola, kaker og kaffi.

Det kom og gjekk unge og eldre til sanitetslaget sin laurdagskafé. Der var det rigga eit stort kakebord, kaffi og pølse med brød, og rundt 160 gevinstar stod klar for dei som ville prøve vinnarlukka. Og handeleg gjekk godt, både av gode smakar og vinnarlodd. Det meste var borte både frå kakebordet og av gevinstar då kafédagen var over.

Leiar i Sunnylven sanitetslag, Hilde Langlo Brekke tykte det var kjekt å kunne invitere til laurdagskafé igjen. Det hadde ikkje skjedd sidan 2019 på grunn av pandemi og restriksjonar som følgde med.

Ho var også strålande nøgd med at mange kom og hadde det triveleg på alle måtar. At sanitetslaget hadde mange gode hjelparar som kom med gevinstar, baka kaker og hjelpte med gjennomføringa av laurdagskaféen ville ho også takke for.
-Alle seier ja med ein gong dei får spørsmål om å hjelpe til, sa ho.

Laurdagskafe med sanitetslaget er mest eit sosialt tiltak, men det vart også eit lite overskot av arrangementet, Kva det skulle gå til var ikkje bestemt.
-Det får vi diskutere det på eit styremøte, sa Hilde Langlo Brekke.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380