Mange deltok i skiskyting på Harpefossen
Sunnylven IL skiskyting stilte med åtte deltakarar under renn ved Harpefossen skisenter laurdag 19. mars. Der vart det mykje god skyting og fine plasseringar.
Årets siste renn i skiskyting blir arrangert av Stårheim IL ved Harpefossen skisenter denne helga. Laurdag var det sprint og dagen etter blir det klassevis fellesstart.
Her tek vi med resultat frå skytinga og plasseringar for Sunnylven IL sine deltakarar laurdag.
Emma Korsbrekke deltok i J10 nybyrjarar og yngre og hadde ni av ti treff (0 – 1).
Fredrik Fivelstad Stadheim i G10 og same klasse oppnådde same resutat i skytinga og ei fin plassering mellom seks andre i si klasse.
I J11 vart Tuva Marie Korsbrekke nr. 2, (1 – 0), føre Therese Støverstein (4 – 2).
Oskar Ringdal vann sekundstrid mot Kasper Flake Botnan, Volda Turn & IL i G13 (1 – 5), og i G14 vart Trym Helset nr. 3 (3 – 1)
Same plassering fekk Tonje Støverstein i J15 (1 – 3)
Elias Helset som representerer Sunnylven IL / Stryn vgs. vann M17 (1 – 2)
Alle foto: Gunnar S. Fivelstad