Notiser

Snart årsmøte i Gamleskulen aktivitetsmuseum

Den gamle skulestova på Hellesylt har blitt restaurert og sett i god stand.

I desse dagar sender Gamleskulen aktivitetsmuseum ut bankgiro for innbetaling av medlemskontingent 2022. Verneforeninga hadde 132 medlemer i 2021, ein meir enn året før.

Foreninga Gamleskulen aktivitetsmuseum har sett skulestova i Hellesylt sentrum frå 1898 i god stand dei siste åra. Foreninga har mange medlemer, men ønskjer seg fleire som kan vere med å støtte drifta og vedlikehaldet også i åra som kjem. På planen står fleire små og store ting som skal rettast på, utbetringar på loftet, reparasjon av ganggolv, rekkverk på loftsgangen og ny kjellardør, les vi i årsmeldinga.

Også i det andre korona-året vart det redusert aktivitet, men nokre arrangement vart gjennomført. Under advent kom eit lysande juletre på plass ute ved gamleskulen , og 4. desember var det utlodding med sal av kaffi og kaker. Her fekk mange frammøtte med seg ein fin konsert julesongar der Bjarne Sjåstad spela på det gamle trøorgelet. -Koseleg stund med allsong, fortel årsmeldinga.

Den gamle skulestova på Hellesylt vert nytta også av andre lag og organisasjonar til møter, og økonomien i foreninga er god.
Rekneskapen for 2021 syner eit overskot på knappe 11.000.- kroner.

Gamleskulen aktivitetsmuseum hadde 132 medlemer i 2021, ein meir enn året før. Medlemskontingenten er 100.- kroner, og leiinga er glad om også nye medlemer kjem til. Vippsnr. er 636811.

Årsmøte 2022 blir halde på Gamleskulen måndag 28. mars kl. 17.00

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380