Lokalnytt

Meisterskapsarena under Barnas skileiker.

Frå starten i den eldste klassa. Ea Ytredal Schreijer har fått ein god start. Rett bak følger Oskar Ringdal.

Måndag 21. mars var ein stor dag for yngre skiløparar i Sunnylven. Då kom Barnas skileiker til skianlegget i Hyttehola. Heile 52 barn i alder frå eitt til 14 år deltok i aktivitetar i valfrie løyper.

Arenaen i Hyttehola låg bada i sol, nok snø og oppstasa, det likna nesten på ein større meisterskapsarena måndag. Dei kom til Hyttehola med bil og skaphengar der dei frakta med seg både premiar og mykje utstyr. På stadion vart det rigga opp store, oppblåste portalar, akkurat som på eit VM eller for den del OL Og løypene var perfekt preparert av Ottar, ein av skigruppa sine mange flinke trakkemaskinkøyrarar.

Gjengen bak Barnas skileiker er dei same som i mange år har drive sykkelsportens viktige rekrutteringsarbeid, nemleg Tour of Norway kids. I vinter har dei reist rundt for å rekruttere nye gode skiløparar rundt om i landet. I går var dei i Stordal, og måndag var det Hyttehola og Hellesylt sin tur.

Det var fem startande i grøn pulje.

Det var veldig bra er kommentaren frå Ski -og skiskyttargruppa i Sunnylven IL som var vertskap for Barnas skileiker og hadde open kiosk i Hyttehola..

Alle dei 52 borna fekk premie, ein liten sekk og ei lue, og sjølvsagt medalje. I tillegg vart det delt ut fleire bagar som uttrekspremie, og ein deltakar vart trekt ut som vinnar av ei sportsklokke.

Frå Sunnylven og Hyttehola gjekk turen for Barnas skileiker til Isfjorden tysdag.

Barnas skileikar vart arrangert i nydeleg vårver i Hyttehola.
Hard kamp om posisjonane i gul klasse.

(Alle foto: Gunnar S. Fivelstad)

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380