Lokalnytt

Nesten som VM-renn for barn

Arkivbilde frå Hyttehola.

Barnas skileiker kjem til Hellesylt måndag 21. mars 2022 til skianlegget i Hyttehola. Der blir det eit unikt vinterkonsept der alle barn kan delta uansett ferdigheitsnivå, arrangert i samarbeid med Sunnylven IL

– Dette er eit lavterskeltilbud for alle barn, ikkje berre for barn som allerede er aktive på ski eller har foreldre som er det. På Barnas skileiker er alle velkomne, sier Linn Kammen Flydal frå skigruppa i Sunnylven IL.

Menneska bak Barnas skileiker har i mange år drevet sykkelsportens viktigaste rekrutteringsarena, Tour of Norway for kids, eit konsept som kvart år har samla opp mot 20 000 barn over heile landet. No er dei i gang med andre sesong av Barnas skileiker og som medarrangør i Hyttehola har dei fått meg seg Sunnylven IL som står for den lokale forankringa.

Arkivbilde frå Hyttehola

– Barnas skileiker skal være ein stad der barn kan møtast og oppleve leik, samhald, glede og meistring på ski utan prestisje og tidtaking. Med dette arrangementet håpar vi å bidra til auka interesse for ski og utandørsaktivitet generelt blant barn i området, seier Linn Kammen Flydal.

Barnas skileiker skal besøke opp mot 50 små og store stadar rundt i heile landet i løpet av vinteren 2022. Det er gratis å delta og alle får premier.

– Dette er heilproffe arrangementer som gjer at barna føler dei deltar på VM. Målgruppa er barn frå 0 til 12 år men eldre barn er sjølvsagt også velkomne.
Vi håpar at mange tek turen og vi lovar å lage ein ordentleg skifest for store og små, seier Linn Kammen Flydal.

Arrangementet finn stad i Hyttehola måndag 21. mars frå klokka 17:30. Utdeling av startnummer frå 16:30.  Påmelding skjer via www.skileker.no.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380