Nytt frå helga.
I helga var det mykje NM på TV, men det skjedde også andre ting rundt om. Her er noko hellesylt.info fekk melding om.
Rastebenkar i Åsen
Olav Andreas Sætreås har hogge ved og selt. For overskotet har han kjøpt inn rastebenkar som han har plassert ut oppe i Åsen. Eit flott tiltak til glede for mange slitne turgåarar på Åserunden.
Deltok i langenn på Gålå
Kristine Hjellbakk Hole, som går for Lillehammer Skiklubb vart nr. to i K 19/20 i eit langrenn på Gålå laurdag. Ho var 15 sek. bak Ingeborg Andberg Stenersen, Kvaløysletta Skilag som vann rennet. På 3. plass kom Tuva Johansen, Raufoss IL Langrenn 1.47 bak vinnaren.
Landsdelskretsmeisterskal i feltskyting
I Engesetdalen på Skodje var det fetskyting søndag der Sunnylven skyttarlag hadde med fleire skyttarar.
Vinnar i klasse 2-5 + V55 og EJ blei Lars Høybakk frå Langevåg med fullt hus 42 treff og 23 innartreff. Resten av pallen kledde søskenparet frå Rauma, Tora og Brage Skiri. Men henhaldsvis 42/20 og 42/17.
Dag André Hauge vart beste sunnylving på 5.plass med resultatet 40/22. Kjell Oddvar Frøysa kom på 10. plass med 39/25.
Dei andre sunnylvingane ende på:
15.plass – Ivar Fivelstad, 38/20
30.plass – Isak Elias Frøysadal Hauge, 34/19
39.plass – Ola Vangen, 32/9
I klasse 1, vart Kirsti Frøysadal Hauge nr. 3. bak Øystein Ålstedt og Randi Spjelkavik frå Ålesund sk.
Ørjan Frøysadal Hauge klarte 5.plass i juniorklassa med resultatet 39/22. Her vann Nora Sæterøy Høybakk frå Langevåg.
Isak Elias Frøysadal Hauge var best i klasse eldre junior og 30 totlt i stemnet..
Veteran Oddmund Fivelstad plasserte seg på 17.plass i V73-klassa med poengsummen 38/26.
Lagsskyting
Sunnmør vann lagskyting i junior og rekrutt og senior under meisterskapen. Dag André Hauge og Kjell Oddvar Frøysa var på seniorlaget mens Ørjan bidrog til at ungdommane vann si skyting.